Studiebarometeret: Oppgang for Høgskulen i Volda

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Resultatet frå den store, årlege undersøkinga viser at studentane ved Høgskulen i Volda er meir nøgde enn i fjor. – Det er gledeleg med oppgang og at tiltaka vi har sett i gang har gitt resultat, men vi ønskjer oss endå betre resultat, seier rektor Johann Roppen.  
 

Tysdag vart resultata frå Studiebarometeret offentleggjort. Dette er den årlege undersøkinga der studentane svarar på kor nøgde dei er med studietilboda sine. Høgskulen i Volda har gått opp frå 3,7 poeng i fjor, til 3,9 poeng i år, der 5 er beste karakter. 

- Vi er sjølvsagt nøgde med oppgang, og med at vi har enkelte studieprogram som har veldig gode resultat, seier rektor Johann Roppen. Samstundes understrekar han at Høgskulen har ambisjonar om å ligge høgare. 

- Etter fjorårets resultat sette vi i verk ei rekke tiltak for å bli betre på dei områda barometeret viste at vi trengte å løfte oss på, og her er vi glade for å sjå effekt. Når det er sagt, er ikkje måla nådd enno. Vi skal tilbake opp på firetalet, der vi var i 2015 og 2016, seier rektoren. 


5 av 5 poeng

Det er fleire resultat i Studiebarometeret som er verkeleg gode nyheiter for Høgskulen. Til dømes ligg avdeling for kulturfag over landsgjennomsnittet med eit resultat på 4,2. Journalistikkfaga TV og radio, kunst og handverk og musikk har svært nøgde studentar, der er resultatet 4,6 poeng. Også grunnskuleutdanninga 1-7 er på lista over studieprogramma med best karakter. Mest nøgde er dei som studerer samfunnsplanlegging deltid, som gir faget sitt 5 av 5! 

Totalt er det 11 av studieprogramma ved Høgskulen i Volda som har framgang målt mot mot fjorårets resultat. 


Nedgang: - Berre å ta grep

Barometeret er likevel ikkje berre kjekk lesing for leiinga ved HVO: Fem av studieprogramma har tilbakegang målt mot i fjor. 
- Her handlar det om å ta tilbakemeldingane på alvor, og ta grep om det studentane meiner ikkje er bra nok. Tiltak er allereie sett i verk, og vi gjer eigne undersøkingar for å sjå om dette gir ønska effekt, seier Roppen. 

Han påpeiker at dette er arbeid som pågår kontinuerlig.
- Vi har gode rutiner for å jobbe med studiekvalitet ved Høgskulen i Volda. Resultata frå Studiebarometeret er ei av rettesnorene for kvar innsatsen kan aukast framover. No skal vi analysere tal og tilbakemeldingar og identifisere fleire tiltak som kan bidra til å gjere det enno betre å vere student hos oss, seier Roppen. 

Han er også glad for at det er mykje på gang ved Høgskulen som kan gi positiv innverknad for både noverande og komande Volda-studentar: - Vi er allereie rimelegaste studiestad i landet å bu, og no får vi fleire studentbustadar. Vi gler oss til nytt mediebygg, opprusting av campus og store aktivitetar i nærområdet til høgskulen, for å nemne noko. 

 

Del på