Studiestart: – Gled dykk til alt som kjem!

Rause råd for studentlivet slo an tonen for ei stemningsfull opning av studieåret 2024/2025.

Klem og god stemning under studiestart 2024 ved Høgskulen i Volda.

Ein god klem inn i det nye studieåret. Foto: HVO / Vilde Moltudal Igland.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Med rause råd for studentlivet slo Moldejazz-sjef og tidlegare Volda-student Endre Volden an tonen for ei stemningsfull opning av studieåret ved Høgskulen i Volda.

Studiebygda fekk kanskje smått med solstrålar, men desto finare skein det i hundrevis av forventningsfulle smil under året studiestart. Nytilflytta studentar fekk effektivt demonstrert at eit vekslande sunnmørsvêr aldri set ein stoppar for mangfaldet av opplevingar mellom fjord og fjell, pensum og party – så lenge ein har gode vibbar og dertil klede.

Tysdag 20. august gjekk startskotet for studieåret 2024/2025 ved Høgskulen i Volda (HVO). Volda-bandet MAK, med studentar på vokal og gitar, sytte for ein forrykande introduksjon. Den store folkemengda på graset bak Berte Kanutte-huset likte tydeleg bandet sin eigenproduserte gåsehudrock.

Rokebandet MAK under studiestart 2024 i Volda.
Vokalist Agneta Magerøy Lervik (t.v.) og gitarist Andreas Himmelskip Jakobsen, begge HVO-studentar, rocka opp studiestart med bandet MAK. Foto: HVO / Vilde Moltudal Igland.

Rektor: – Meir enn berre ein høgskule

Lærarstudentane Torvald Ljostveit Reiersen og Dorthea Nygård Heen leia opningsseremonien med stødig hand – eit godt bilete på at det i Volda er kort avstand mellom studentar og tilsette, noko som er eit stort pluss for mange i studiekvardagen.

Nettopp dei tette relasjonane og eit aktiv samhandlande studentliv la rektor Odd Helge Mjellem Tonheim vekt på som viktige kvalitetar ved HVO:

– Høgskulen i Volda er meir enn berre ein høgskule. Det er ein stad der vi alle, både tilsette og studentar, arbeider saman for å nå visjonen vår: kompetanse for eit betre samfunn.

Rektor Tonheim fortalde levande om fem dyktige tilsette frå ulike delar av HVO – der kvar enkelt fekk anerkjennande tilrop frå publikum – som legg sjela si i å gi studentane dei beste moglegheitene til å utvikle seg. Med desse som symbol på heile høgskulen understreka Tonheim styrken i det samhaldet nye studentar kan vere del av i studiebygda Volda.

– Eg oppmodar dykk alle til å gripe dei moglegheitene som ligg framfor dykk. Engasjer dykk i studia, delta aktivt i undervisninga og ta del i det rike faglege og sosiale miljøet vi har her. Saman kan vi skape noko stort, og saman kan vi bidra til å gjere verda litt betre. Lukke til med det nye studieåret!

  • Heile talen til rektor kan du lese her.

Jazzsjef råda til å ikkje vere redd for feil

Årets hovudtalar ved semesterstart var Endre Volden, dagleg leiar i Moldejazz og ein gong i tida grossist i dagsferske minne frå det fargerike studentlivet i Volda. Han trekte mellom anna fram verdien i det å flytte til ein mindre studiestad i formative år.

Moldejazz-sjef Endre Volden var hovudtalar under studiestart i Volda 2024.
Moldejazz-sjef Endre Volden heldt ein hjartevarm hovudtale under opninga av studieåret 2024/2025 ved Høgskulen i Volda. Foto: HVO / Vilde Moltudal Igland.

– Etter å ha vore student i Volda vil de ta med dykk eit annleisperspektiv som vil berike, gi dykk vidsyn og vere eit konkurransefortrinn når de skal søkje jobbar. De vil forstå Noreg på ein helt annan måte enn medstudentar i dei store byane, vektla Volden til ei lydhøyr forsamling.

Ispedd personlege tilbakeblikk kom Volden med ei varm helsing til Volda-studentane som no skal fylle minneboka med høgdepunkt for livet.

– Slapp av. Take it easy. Det ordnar seg om du har is i magen og speler korta dine klokt. Det er ikkje farleg å bomme på eit fag. Du vil uansett ta det med deg vidare i yrkeslivet. Du blir ikkje ein dårlegare journalist om du tok eit år med drama – snarare tvert imot. Du vil få bruk for alt. Det er berre du som kan synleggjere din unike vev for ein framtidig arbeidsgivar.

Volden oppmoda tilhøyrarane om å finne plassen sin på sin eigen måte og gi av seg sjølve – vere «temperaturmålaren» for høgskulen, så han kan utvikle seg i den retninga studentane treng og ønskjer.

– God studietid. Gled dykk til alt som kjem! Og som vi seier med jazzen: Det er i det uføreseielege og ikkje-planlagde at gullet ligg.

Studentleiar oppmoda om å løfte blikket og byggje bruer

Mellom talar og innslag frå scena fekk ferske studentar fine innblikk i alt frå naturopplevingane og kulturlivet til velferdstilboda og studiefasilitetane Volda har å by på. Sjølv erfarne HVO-arar kunne nok kjenne litt på både stoltheit og eventyrlyst i eit oppfriska møte med havet av moglegheiter som faktisk finst i nærområdet vårt.

Eit steinkast unna opningsseremonien kunne ein høyre det brumme i anleggsmaskinene som syter for at alle neste semester kan boltre seg i symjeanlegget Voldabadet. Studentane og studiebygda har til felles at dei ser ambisiøst framover.

– Ikkje ver fluge på veggen, men engasjer deg, var eit av mange nyttige medstudent-tips programleiarane krydra seremonien med.

Maher Othman under studiestart 2024 i Volda.
Maher Othman med helsing frå Studentparlamentet. Foto: HVO / David Høyheim Skintveit.

Ein av dei som tydeleg har lagt ein ekstra innsats i å engasjere seg ved sida av studia, er Maher Othman, leiar i Studentparlamentet ved HVO. Han helsa dei frammøte ved å løfte blikket opp til studentane si samfunnsrolle.

– Vi er ikkje berre her for å tileigne oss kunnskap, men også for å utfordre kunnskapen, tenkje kritisk og finne innovative løysingar på dei komplekse utfordringane verda står overfor.

Othman la vekt på at han er stolt av engasjementet og innflytelsen som studentane har ved HVO, og at alle har eit ansvar for å inkludere og støtte kvarandre og skape samhald.

– Det er i dette mangfaldet av tankar, erfaringar og bakgrunnar vi finn styrken til å vekse som individ og som samfunn. La oss derfor bruke dette året til å byggje bruer, ikkje murar. La oss vere nysgjerrige, ikkje tilfredse. La oss vere modige, ikkje redde. Og framfor alt: La oss hugse at utdanning er meir enn berre ei personleg investering; det er eit felles gode som vi deler med verda.

Eit fyrverkeri av ei fadderveke i vente

Etter talar med gode råd og viktige perspektiv kunne eit sveip over publikum avsløre litt ekstra spenning og forventning blant dei nyaste fjesa. No ventar nemleg dei hendingsrike dagane der førsteårsstudentar ofte hoppar ut av komfortsonen og inn i vennskap for livet: Fadderveka.

Emily MacPherson, organisasjonskonsulent for Studentparlamentet, tok oppdraget med å fortelje litt om kva årets fadderbarn kan glede seg til i dagane som kjem, trygt guida av meir erfarne studentfadrar, som stiller opp frivillig for å vidareføre den gode Volda-kjensla:

– I fadderveka får de bli kjende med alt vi har å by på her i Volda, med mykje underhaldning. Håpar de får ei fantastisk veke!

Fadderveka byr på alt frå grillparty, kviss og sommarleikar til temafest, gospelkveld og konsert med sjølvaste Ravi! For å inkludere alle er mange av arrangementa også alkoholfrie. Les alt om Fadderveka 2024 i Volda her!

Idet opningsseremonien var over, kunne vi slå fast at ei litt grå vêrmelding blei til lun vind og berre nokre forfriskande dropar. Kan vi håpe det er eit frampeik til studieåret 2024/2025?

No stimla dei i alle fall saman, dei spente, men ganske snart oppstemde, HVO-debutantane, i kvar sine faddergrupper for å setje i gang haustens vakraste ritual på campus: nytt studieår, ny fase i livet, nye opplevingar, nye utfordingar – minne for livet.

Hjarteleg velkommen til alle studentane våre!

Fadderveka 2024 i Volda.
Fadderveka 2024 er i gang! Foto: HVO / Vilde Moltudal Igland.

Del på: