Stutdentar ved Høgskulen i Volda spelar i toppidretten

Tekst: Britt Roselyn Camillo Rekkedal , Foto: Idar Arne Kristiansen

- Oppdatert

Dei begge drøymer om å kunne leve av idretten, men er einig i at det kan vere lurt å ha noko å falle tilbake på og utvikle seg som individ gjennom studiet.

Georgiewa spelar for KFUM Volda på elitenivå. Det høgste nivået i volleyball for kvinner i Noreg. Georgiewa ligg dessutan på toppen av fleire lister som idrettsutøvar. Ho vart kåra til beste server og beste poengplukkar i år. 

Studera for personleg utvikling

Ho har dedikert mykje tid og energi for sporten. Men for å utvikle seg utover idretten har ho valt å studere kunst og handverk ved Høgskulen i Volda. – Eg er interessert i kunst så då tenkte eg kvifor ikkje? 

Vidare kan ho fortelje at ho har eit normalt studieløp.  – Vi har ikkje så mange faste undervisningar i veka, så det opnar for å kunne gjere andre ting ved sida av studiet. Til tider kan det vere ganske stressande, spesielt mot helg og når vi må reise til kamp, men eg får det til å fungere.

 

Trygt med mindre miljø

Det Georgiewa likar best med å studere i Volda, er at klassene er små og at ein har nær kontakt med lærarane. – Det er liten avstand mellom lærar og student, det er tryggande. Dei i klassa mi viste i utgangspunktet ikkje at eg spelte volleyball. Men då eg spurde om dei ville sjå kampen vår i Voldahallen, møtte fleire opp for å støtte. 

 

Spelar om opprykk

Nornes kjem frå Ålesund og spelte handball i 1. divisjon for Volda. Onsdag 6. april vant dei ein avgjerande kamp mot Levanger og fekk direkte opprykk til eliteserien med ein kamp att i sesongen. Som kommentar til dette svarte Nornes – Det er heilt sinnssjukt! Eg er så stolt eg held på å sprekkje. Eg klarer ikkje å finne ord som kan beskrive denne følelsen. Det er det vi har jobba med sidan eg kom til Volda. Og endeleg kan eg seie at vi klarte det! 

Positive opplevingar

Nornes held på å skrive ein master i samfunnsplanlegging og leiing og har ein bachelor i planlegging og administrasjon under beltet. – Det er utruleg fint å studere i Volda, no har eg studert her i 5 år og har hatt mange positive opplevingar. 

 

Takknemleg for lærarar og medstudentar

Når handballen er i hovudfokus, har det til tider vert vanskeleg å kombinere med studie. – Det har heldigvis ikkje blitt sett negativt på at eg spelar handball. Lærarane har vert behjelpelege med å tilpasse eit opplegg rundt treningar og kampar. Det er eg veldig takknemleg og glad for. 

I tillegg til dette fann Nornes seg ei lita bachelorgruppe som ho kunne lene seg litt på. – Dei heldt meg oppdatert om eg ikkje kunne møte opp på forelesningar, minte meg om innleveringar og aksepterte at eg ikkje kunne vere med på alt. Eg føler at eg har vert veldig heldig som fann dei. 

 

Finaste plassen i Noreg

– Eg likar meg veldig godt i Volda. Det er utruleg mange engasjerte folk i handball og idrett generelt. Her er ein dugnadsånd som har hjelpt oss opp og fram. Utan frivillige folk i samfunnet, hadde vi ikkje kome oss til eliteserien.

– På ein solskinsdag er Volda ein av dei finaste plassane i Noreg. I byrjinga tenkte eg aldri at eg kom til å flytte til Volda, enda mindre å trivast her. Men det har endt opp som min andre heim. 

Del på