Styremøte ved Høgskulen i Volda

Det avtroppande styret ved HVO hadde i dag eit siste styremøte for å følgje opp sak om arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag.

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv, Foto: HVO

- Oppdatert

Del på:

Det avtroppande styret ved HVO hadde i dag eit siste styremøte for å følgje opp sak om arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag.

Måndag 29. juli hadde styret ved Høgskulen i Volda møte med arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag på dagsorden. Dette har også vore tema på dei to førre styremøta. Bakgrunnen for saka er at det gjennom arbeidsmiljøkartleggingane ARK og gjennom ei oppfølgjingsundersøking frå bedriftshelsetenesta STAMINA har vist seg å vere samansette arbeidsmiljøproblem ved avdelinga. Leiing er eitt element i kartleggingane og etterarbeidet, som i dei fleste arbeidsmiljøundersøkingar.  

Det noverande høgskulestyret si funksjonstid går ut 31. juli 2019 og frå 1. august 2019 er det eit nytt styre for høgskulen. Det sittande høgskulestyret fekk på møtet orientering om korleis leiing og administrasjon har arbeidd vidare med arbeidsmiljøet sidan førre styremøte. Det har vore ei rekkje møte med tillitsvalde, tilsette og avdelingsleiinga for å finne gode løysingar og nødvendige tiltak for å betre arbeidsmiljøet.

Høgskulestyret gav rektor og direktør nødvendige fullmakter til å arbeide vidare med saka.  

Del på: