Tonheim vil bli rektor

Tekst: Per Straume , Foto: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Odd Helge Mjellem Tonheim stiller som rektorkandidat for styreperioden 2023-2027. Med seg som prorektorkandidat for valet til rektorat har han Eirik Søvik.

Tonheim er i dag prorektor ved Høgskulen i Volda og ønsker no altså å bli rektor for dei fire neste åra. Tonheim har vore prorektor i ein periode under Johann Roppen. Roppen gir seg som rektor sommaren 2023 etter å ha hatt jobben i åtte år – han kunne etter regelverket ikkje stille til val for ein ny periode.

Valperioden er 9. desember – 16. desember kl. 13.00. 

Rektorkandidat: Odd Helge Mjellem Tonheim

Odd Helge Mjellem Tonheim er førstelektor i matematikkdidaktikk, og har frå 2006 vore tilsett ved Høgskulen i Volda (HVO). Gjennom desse 16 åra har han vore aktiv i utviklinga av utdaningane ved HVO, både som undervisar, forskar, tillitsvald og studieleiar. Frå 1. august 2019 har Tonheim vore prorektor ved HVO. 

Prorektorkandidat: Eirik Søvik

Eirik Søvik er professor i biologi, og har sidan 2016 arbeidd på Høgskulen i Volda (HVO). Før dette tok han doktorgrad i Australia og arbeidde 3 år i USA som postdoktor. Søvik har i tillegg til undervising i lærar- og barnehagelærarutdanningane engasjert seg som forskar, også etter at han vart tilsett i Volda. Han leier mellom anna den tverrfaglege forskargruppa “Medvit”, og er ein av dei mest siterte forskarane ved HVO. Søvik har vore instituttleiar for institutt for realfag sidan 2018, og sit i høgskulestyret i perioden 2019–2023.

Valplattform

Under her kan du lese valplattformen til Tonheim og Søvik.

Det overordna målet i denne plattforma er å skape gode vilkår for utdanning, forsking, akademisk fridom og institusjonsdemokrati ved Høgskulen i Volda. 

Kvalitet i forsking og utdanning

Det er kort avstand menneske og fagmiljø på Høgskulen i Volda. Det er ein av dei største styrkane for HVO. Det at vi er tett på kvarandre gjer HVO til ein god stad å utdanne seg og arbeide. Vi ønskjer å arbeide for ein endå meir levande campus for studentar og tilsette.

Høgskulen i Volda driv viktige profesjonsutdanningar, fagutdanningar og har ei særleg rolle i å styrkje nynorsk fagspråk. For å sikre utdanninga for framtida må vi auke omfanget og kvaliteten i forskinga vår. Vi har mange einskildforskarar som gjer framifrå forskingsarbeid, men samla sett er forskingsmiljøa våre for sårbare. Vi vil utvikle forskingskulturen og fagmiljøa vidare. God forsking gjer utdanningane betre. 

Styrka forsking og utdanningar gjer oss meir relevante for Nordvestlandet, Noreg og verda. Høgskulen i Volda skal framleis vere tett på dei sektorane vi utdannar til og forskar på. Eit tett samspel mellom verda ikring og høgskulen gjer HVO meir attraktiv for studentar, tilsette og styrkjer vår posisjon, både regionalt og nasjonalt.

Éin høgskule

Vi meiner Høgskulen i Volda har valt rett ved å stå aleine som sjølvstendig institusjon. For å kunne halde på posisjonen og fridomen i framtida må HVO arbeide meir i hop og på tvers av avdelingar, fag og administrasjon. Vi har trua på ein høgskule der alle ser verdien av kvarandre, og der vi saman skapar ein god stad å vere for studentar og tilsette. Ein slik kultur må HVO byggje i lag. Vi vil ha med alle, både studentar og tilsette, på tvers av einingar og tilsett-kategoriar for å finne vegen framover som éin høgskule.

Demokrati

Ingen einskild leiar, tilsett eller student har dei beste svara for Høgskulen i Volda. Dei beste svara finn vi saman. Derfor må demokratiet framleis stå sterkt ved Høgskulen i Volda. Ved vår kunnskapsinstitusjonen arbeider studentane og tilsette kvar dag for å skape eit best mogleg utdannings- og forskingsmiljø. Rektoratet skal ikkje ha alle svar og løysingar. Leiinga skal lytte til og få innspel frå studentar og tilsette.

Visjon 

Høgskulen i Volda er ein høgskule der studentar og tilsette på tvers av fag og avdelingar arbeider i lag for styrka forsking, gode utdanningar og eit levande høgskuledemokrati.

 


 

Del på