Topphol får pris for topp kvalitet

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Prisen for kvalitet i utdanninga ved Høgskulen i Volda (HVO) i 2023 går til dosent Arne Kåre Topphol ved Institutt for realfag.

– Topphol er ein rollemodell i kvalitetsarbeidet ved HVO. Han gir studentane solid og engasjerande undervisning i matematikk, og han har over lang tid vore viktig i arbeidet med å utvikle både sitt eige og andre fagmiljø ved høgskulen.

Det seier HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim om årets vinnar av prisen for kvalitet i utdanninga ved HVO, dosent Arne Kåre Topphol ved Institutt for realfag.

Det er studentar og tilsette ved HVO som nominerer kandidatane til den årlege pristildelinga. Målet med utmerkinga er å heidre ein person eller eit fagmiljø som har gjort ein markert innsats med å utvikle utdanningskvaliteten innanfor eit fagfelt, studium eller emne ved HVO.

Ein overraskande telefon

– Då rektor ringde meg og sa kva det gjaldt, blei eg både overraska og glad. Etter kvart blei eg jo stolt også, fortel prisvinnaren.

Arne Kåre Topphol (66) kjem frå Hareid og har arbeidd ved HVO sidan hausten 1990. Same året fullførte han doktorgraden i eksperimentell partikkelfysikk ved Universitetet i Bergen. I 2017 fekk han opprykk til dosent (toppstilling på nivå med professor) ved HVO.

Topphol er spesielt takksam for å ha blitt nominert av sine eigne til ein slik heider.

– Det betyr jo at dei har sett eit eller anna i det eg har gjort og gjer. Eg blei ekstra glad for å høyre at det også er studentar som har nominert meg.

Arne Kåre Topphol på kontoret sitt ved HVO.
Prisvinnaren møter både studentar og kollegaer med open dør og eit smil. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Framleis nervar i klasserommet

Undervisning og studentkontakt set veteranen stor pris på, men han er framleis spent før han skal i aksjon, trass i grundige førebuingar.

– Eg gruar meg ofte litt når eg skal inn i eit klasserom til nye studentar som eg ikkje har hatt før – då er eg nervøs. Det forsvinn ikkje. Men når eg er i gang, då likar eg meg. Og når studentane seier til meg at «det ser ut som du kosar deg», då tek eg det som eit godt teikn, smiler Topphol.

Du har halde det gåande ved HVO i 33 år. Det må tyde på trivsel?

– Ja, enten det eller at eg ikkje har tiltak til å finne på noko anna; det kan jo vere dét også, seier prisvinnaren med glimt i auget, men følgjer raskt opp:

– Eg har trivest godt med det eg har fått halde på med her.

Haustar mange lovord som lærar og kollega

Hareidsdølen er opphavleg utdanna fysikar, men det er matematikk han har undervist mest i ved HVO.

Kva er favoritt-temaet ditt å undervise i?

– Det eg etter kvart har likt best, er statistikk og statistisk metode. Siste åra har eg undervist statistikk til førsteklassingane på grunnskulelærarstudiet, men eg har også i ei årrekkje undervist i statistisk metode på dei ulike pedagogiske og didaktiske mastergradane.

For ein ikkje-realist kan det høyrast ganske tørt ut. Kva gjer det spennande å undervise i?

– Sei det. Men sånn sett: Det å få prisen for å undervise i eit av dei mest utskjelte faga i skulen, gjer det kanskje litt ekstra stas. For det er mange som er kritiske til matematikkfaget. Og eg er jo open for at faget kunne vore gjennomgått med vurdering av kva det eigentleg burde innehalde, reflekterer Topphol.

HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim
HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Foto: HVO / Vilde Moltudal Igland.

Dette tankesettet harmonerer med fleire av grunnane til at han blei nominert til prisen.

– Topphol brenn for å skape forskingsbasert undervisning som er praktisk og levande, og han motiverer også kollegaer til å gjere undervisninga spennande. Han har ei systematisk tilnærming til utdanningskvalitet og ein vilje til å leie tverrfaglege kompetanseløft, som då grunnskulelærarutdanninga skulle gjerast om til mastergrad, seier HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Rektoren har sjølv undervist i matematikk ved HVO tidlegare, og han veit dermed at Topphol også bidreg til kvalitet gjennom å vere ein omtykt realfagskollega.

– Om nokon lurer på korleis ein skal undervise i eit tema, så er Arne Kåre ein bra person å snakke med. Han er ein som kan hjelpe med kreative og innovative løysingar, rosar Tonheim.

Del på