Treng du tilrettelegging i studiekvardagen? Snakk med Studentsørvis!

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

– Vi ser at mange ønskjer å «starte på nytt» når dei går frå vidaregåande skule til høgare utdanning, og ikkje ber om tilrettelegging. Dei veit ofte lite om kva dei kan få, og kven dei kan spørje.

Det seier studentrettleiar Ingunn Teige Blindheim hjå Høgskulen i Volda. Ho arbeider på Studentsørvis der dei kjenner til dei fleste tilretteleggingstiltaka som kan vere aktuelle for studentar som har rett på tilrettelegging, og saman med tilsette her kan du diskutere kva som passar for deg på det studiet du går.

– I tidlegare skulegang har dei hatt krav på at andre ser behova utan at dei sjølve melder frå. Dette er annleis i høgare utdanning. Mange tenkjer også at no skal dei vere vaksne og klare seg sjølve. Men dei har framleis same kropp og sinn som tidlegare, som har innverknad på korleis dei handterer studiet og studiekvardagen, seier Ingunn.

Les meir: Forskar på studentar med dysleksi, ADHD og Asperger syndrom

Frå utvida stønad frå Lånekassen til hjelpemiddel frå NAV

Høgskulen i Volda tilbyr fleire former for tilrettelegging og tiltak, og ein kan dele dette inn i to hovuddelar. Tilrettelegging av eksamen, og tilrettelegging av studieløp.

Tiltaka er for studentar med funksjonsnedsettingar eller andre særkilde behov. Eksempel på dette kan vere lese- eller skrivevanskar, nedsett syn eller høyrsel, Asperger syndrom, ADHD, angst, svangerskap, at du vert råka av sjukdom, allergi, beinbrot eller andre ting.

Ingunn Teigen Blindheim og Ronny Bahl frå Studentsørvis står klar for å hjelpe deg med tilrettelegging i studiekvardagen
Ingunn Teigen Blindheim og Ronny Bahl frå Studentsørvis står klar for å hjelpe deg med tilrettelegging i studiekvardagen. Du finn dei i 1. etasje ved inngangen til Berte Kanutte-huset. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.

Har du rett på tilrettelegging, er usikker på om du har det eller ønskjer meir informasjon, er Studentsørvis rette instans for kontakt (studentsorvis@hivolda.no eller 700 75 018).

Der kan du få hjelp til mykje, og kan tipse deg om støtteordningar frå Lånekassen, lydbøker for studentar med lese- og skrivevanskar, og hjelpemiddel og tiltak frå NAV.

Og enda meir! Du kan lese meir om tilrettelegging av studieløpet her.

Kan få ekstra tid på eksamen

Det vanlegaste tiltaket, ifølgje Ingunn, er meir tid på eksamen og eventuelt arbeidskrav. På eksamen vert det innvilga ekstra tid for dei som søkjer og dokumenterer behovet innan fristen.

Fristen for å søkje om tilrettelegging av eksamen for haustsemesteret er 1. oktober, og 15. februar for vårsemesteret.

– Vi kan innvilge fleire løysingar, ut frå kva studenten dokumenterer. Det er viktig å få fram kva ein faktisk kan trenge for å kunne vise fagkunnskapen sin på lik linje med andre. Studenten kan diskutere problem og løysingar med lege eller andre fagpersonar, eller med oss, for å kome fram til kva vi kan gjere, seier Ingunn.

Alt må likevel skje utan å senke faglege krav, sidan læringsmåla er dei same for alle på same emne.

Ingunn seier at ho også kan hjelpe deg å sortere tankar rundt studiet du har valt. Kanskje treng du lenger tid for å fullføre studiet, eller må endre planane dine? Kjennest studiet feil, eller er du usikker på om du passar i jobben du får etterpå?

– Snakk med oss, men bruk også lærarane som kan meir om faget, arbeidsfeltet og korleis studiet heng saman. Vi ønskjer at du skal finne ut kva du er god til og hjelper deg gjerne vidare, seier Ingunn.

Del på