Undervisning i Koronaens tid

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda var tidleg ute med å legge om til digitale undervisingsformer som respons på Koronakrisa. Førstelektor Magnar Hjertenæs ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag er ein av dei mange fagtilsette som no underviser over nettet frå sitt heimekontor. – Eg er ikkje i tvil om at dette vil endre måten vi underviser i framtida på, seier han.

– Etter 30 år som forelesar synes eg framleis klasserommet med godt førebudde studentar er den beste arenaen for læring. Samstundes har dei siste vekene opna augo mine for at det finnes gode alternativ som vi nok kan bruke for å møte ei endra studentgruppe. Både videoverktøyet Zoom og studiofunksjonen i læringsplattforma Canvas synes eg er enkle og gode hjelpemiddel for å få til gode læringsprosessar hjå studentane. Ikkje minst har eg hatt stor glede av å bruke Zoom til rettleiing av studentar som skriv bachelor- og masteroppgåver, seier Hjertenæs.

Førstelektoren fortel at han akkurat hadde avslutta den ordinære undervisinga på Bachelor i planlegging og administrasjon i dette semesteret før krisa sette inn.

– Emnet eg underviser i no er eit valfag og med planlagt eksamen før påske. I utgangspunktet er dette ein fem timars skrifteleg eksamen, men vart i samråd med overordna omgjort til ein heimeeksamen over to dagar. Men sidan det vart ei anna eksamensform, tilbaud eg alle studentane ei samling i Zoom. Eg gjekk gjennom kva konsekvensane omlegginga ville ha for utforminga av eksamensoppgåvene, og kva element vi ville vektlegg i vurdering og sensur. Studentane fekk høve til å stille spørsmål og vi drøfta ulike sider av dette. I etterkant vart presentasjonen som eg brukte i Zoom-undervisninga, saman med spørsmåla frå studentane, basis i ein kort video som eg spelte inn og la ut i Canvas. Responsen frå studentane har så langt vore god, særleg i høve til rettleiing av oppgåver.

Førstelektor Magnar Hjertenæs meiner at Høgskulen i Volda og Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag (IPAS) hadde gode føresetnader for omlegging til undervisning på nett.

– Fleire av mine kollegaer har i lang tid vore pilotar på dette området. Det har difor vore lett å få hjelp og støtte i arbeidet. I tillegg har vi mykje kompetanse meir sentralt i HVO som også har stilt opp når vi har hatt behov for dette. På IPAS har vi hatt digital «10-kaffi» nesten kvar einaste dag sidan vi starta med heimekontor. Dette har også vore in viktig lærings- og delingsplattform og gjort det enkelt for kvar av oss å kome i gong, seier han.
 

Førstelektor Magnar Hjertenæs i heimekontoret. Hjertenæs meiner at Høgskulen i Volda og Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag (IPAS) hadde gode føresetnader for omlegging til undervisning på nett.

Konsekvensar for framtida

– Eg er ikkje i tvil om at denne tida kjem til å endre måten vi underviser på. For min eigen del har terskelen for å lage undervisningsvideoar vorte senka, og eg vil forsette å lage slike seinare. Ideane med sokalla læringsløyper i Canvas vil også bli implementert i fleire av mine emne frå hausten av. Og bruken av Zoom er no etablert på ein måte som bør få konsekvensar for mykje av vår møte- og reiseaktivitet, anten det no er seminar med deltakarar frå samarbeidande institusjonar som vi vil hente til Volda, vår eiga deltaking hjå andre eller rettleiing av t.d. masterstudentar som vi tidlegare har sagt bør kome til Volda på rettleiing.

Travelt med lærerikt

– Til slutt må eg også seie at det har vore svært travelt, men utruleg lærerikt, for ein relativt gammal forelesar å bli kasta ut i ein digital kvardag. Hadde ikkje bakgrunnen for denne situasjonen vore så svært alvorleg, kunne eg kanskje ha sagt at dei siste vekene har vore ei positiv oppleving. Men vi skal ikkje gløyme dei mange som no kjempar, gjerne med eiga helse som innsats, for andre menneske sine liv og livskvalitet. Ein av bachelorstudentane mine fortalde i går under rettleiinga at ho no jobbar fulltid i heimetenestene. Sidan både dagsenteret og dagtilboda var stengt, sat mange eldre heime og var redde og einsame. Dei fast tilsette hadde problem med å rekke over alt det ekstra. Difor var alle på deltid bedne om å gå fulltid. Studenten visste difor ikkje om ho klarte fristane for levering av oppgåve no i vår. For meg sette det arbeidet frå heimekontoret i eit litt endra lys.

Studentane ved planlegging og administrasjon i nyttig samarbeid med Ålesund kommune og Futurelab, ein tenketank for berekraftig samfunnsutvikling i lys av FN-programmet United 4 Smart Sustainable Cities (U4SSC).

Del på