Ung stjerneforfattar gav innsikt i omsorgssvikt

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Lærar- og sosialfagstudentar fekk besøk av den prisløna forfattaren Oliver Lovrenski. Under seminaret «Saman om omsorg» fortalde han om vegen ut av ei skakkøyrd ungdomstid.

– For dei fleste unge gutar som søkk inn i rus eller kriminalitet, handlar det om to ting: fråvær av ein far og fråvær av ein plan i livet, sa Oliver Lovrenski (20) til ein fullsett sal av lydhøyre studentar måndag.

Den kritikarroste forfattaren var trekkplaster under første dag av SOM-seminaret ved Høgskulen i Volda (HVO) 18. mars. SOM står for «saman om omsorg» og viser til kor viktig det er å jobbe tverrfagleg med omsorgssvikt.

Seminaret eit årleg samarbeid over fleire dagar mellom sosialfag- og lærarutdanningane ved HVO. I år var det 245 påmelde studentar innan barnevern, sosionom og barnehage- og grunnskulelærar.

Ein viktig og komplisert tematikk

– Uansett kva profesjon ein utdannar seg til for arbeid med barn og unge, vil ein truleg møte på saker som handlar om bekymring for korleis eit barn eller ein ungdom har det heime, seier førstelektor Ellen Madssen Andenes ved Institutt for sosialfag, som er med og arrangerer seminaret ved HVO.

Gjennom det tverrfaglege SOM-seminaret får studentane kunnskap om korleis ein kan førebyggje, oppdage og hjelpe barn og unge som opplever omsorgssvikt. Studentane jobbar i grupper frå ulike utdanningar og får undervisning om omsorgssvikt frå ståstaden til ulike fagretningar.

– Omsorgssvikt er kompliserte saker, og derfor treng ein ulike perspektiv, slik at ein kan handle til beste for dei barna som treng det, seier Andenes.

Septina Selma Einarsdottir og Ellen Madssen Andenes ved HVO.
Septina Selma Einarsdottir (t.v.) og Ellen Madssen Andenes er mellom arrangørane av det tverrfaglege SOM-seminaret i år. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Øver på samarbeidet som ventar i jobb

På timeplanen under seminaret står det både juss, etikk, barnevern, helsestasjon, barnehage, skule og tverrprofesjonelt samarbeid og dessutan brukarperspektivet.

Høgskulelærar Septina Selma Einarsdottir ved Institutt for pedagogikk er ein av fleire som er med på å stelle i stand seminaret:

– Studentane får mellom anna øve seg på å vurdere ulike case, sende bekymringsmelding og samarbeide i tverrfaglege grupper. I etterkant jobbar dei individuelt vidare med arbeidskrav som del av emna dei tek.

Kva håpar de at studentane tek med seg frå dette seminaret og ut i yrkeslivet?

– Korleis ein saman i eit tverrprofesjonelt samarbeid kan jobbe for det beste for barn og unge i ein slik situasjon, seier Einarsdottir.

Oliver Lovrenski på HVO.
Høgskulelektor Malene Øvrelid ved Institutt for sosialfag leia samtalen med Oliver Lovrenski i to økter med fullsett sal. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

– Må byggje tilliten først

Brageprisnominerte Lovrenski har førstehands erfaring med å vekse opp for raskt og utan gode rollemodellar. Som tenåring hamna han i eit hardt ungdomsmiljø med rus, vald og kriminalitet i hovudstaden, fortalde han i samtalen leia av høgskulelektor Malene Øvrelid ved Institutt for sosialfag.

Etter å ha sett på nært hald kor gale det kunne gå, braut han til slutt ut og begynte å skrive for å finne seg sjølv. Debutromanen Da vi var yngre (2023) er ei oppvekstskildring tett på hans eige ungdomsmiljø i både handling og språk.

Til studentane understreka han at stabile rettleiarar og rollemodellar kan utgjere ein stor forskjell, dersom ungdommen også har ein visjon for kvar dei skal i livet og korleis dei kjem seg dit – ein plan dei faktisk er motiverte til å følgje sjølve.

– Har ein dette, toler ein det meste. Manglar ein dette, fell ein fordi ein ikkje har noko under seg.

Den unge forfattaren meinte også at det er viktig at hjelpeapparatet både byggjer ned illusjonane i det verdsbiletet utsett ungdom skaper seg rundt usunne statusmarkørar og førebilete, og set av nok tid til det å nå inn til ungdommane.

– Tilliten må kome først, det er då eg har sett at det kan funke – og det skjer ikkje over eit kontorbord. Først må ein bruke mykje tid på relasjonen! Om ein klarer å byggje opp denne, kan ein kome med krava – då lyttar ungdommen, og dei set pris på tydelege grenser.

Nøgde studentar med nyttig påfyll

Det var tydeleg at den unge forfattaren nådde inn til den store forsamlinga av andreårsstudentar. Mina (21) studerer sosialt arbeid, og Ulrik (22) er sosionomstudent, og begge sette pris på innblikket i erfaringane til Lovrenski.

– Det er veldig lærerikt når ein får høyre frå nokon som har vore del av eit slikt miljø sjølve, samanlikna med kva ein førelesar kanskje kan relatere tematikken til. Slike erfaringar kan vi ta med oss vidare inn i det å jobbe med ungdom, seier Mina.

Medstudent Ulrik syntest forfattaren gjennom livserfaringa si kom med nyttig innsikt i relasjonsbygging blant utsett ungdom.

– Det var interessant å høyre om korleis ein bør jobbe med det å kome innpå ungdom, frå nokon som kjem frå dette miljøet sjølv – kor viktig det kan vere å byggje tillit før vi kan klare å hjelpe.

Mina og Ulrik under SOM-seminaret ved HVO.
Sosialfagstudentane Mina og Ulrik syntest det var lærerikt å høyre om erfaringane til forfattar Oliver Lovrenski. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Skal bli tryggare i rolla

Forfattarbesøket er berre ein av mange programpostar under det fire dagar lange SOM-seminaret ved HVO denne veka. Dei to studentane er positive til det faglege utbytet av eit tverrfagleg seminar.

– Det er viktig at vi lærer meir om det å samarbeide med andre profesjonar, slik vi kjem til å gjere ute i arbeidslivet. Og det å få inn fagpersonar utanfrå til å dele erfaringar, det er noko av det vi lærer mest av.

Medarrangør Ellen Andenes fortel at tidlegare studentar har evaluert seminaret som svært nyttig og lærerikt:

– SOM-seminaret er ein årleg tradisjon som HVO kan vere stolt av! Seminaret vil forhåpentlegvis gjere studentane tryggare i rolla si når dei skal ut i yrkeslivet. Det handlar om å vite kva ein skal sjå etter, korleis ein kan forstå situasjonen, og vite korleis ein skal gå fram.

Del på