Unik praksiserfaring i Afrika og Asia
Å hjelpe rusavhengige, foreldrelause barn og trengande eldre i land som Tanzania og India har vore ein del av prakiskvardagen til barnevernspedagog- og sosionom-studentar dette semesteret.
Å hjelpe rusavhengige, foreldrelause barn og trengande eldre i land som Tanzania og India har vore ein del av prakiskvardagen til barnevernspedagog- og sosionom-studentar dette semesteret.
Klientretta praksisstudium er obligatorisk i sosialarbeidarstudia, som gjeld bachelorgradene Sosialt arbeid, barnevernspedagog og Sosialt arbeid, sosionom. I haustsemesteret har 107 studentar vore i praksis i Noreg og i utlandet.
Rekordmange til utlandet
Høgskulen i Volda har i mange år vore sterke på internasjonalisering, mellom anna ved å ha studentgrupper i praksisstudiar i utlandet. I år valde 37 av 107 studentar å ha praksisen sin i utlandet. Studentane vart fordelt slik: Tanzania 17, India 14, Hellas 5, Kenya 4 og Irland 1. Dei har arbeidd med og fått unik praksiserfaring i sosialt arbeid ved barneheimar, skular for funksjonshindra, rusinstitusjonar, samfunnsarbeid og arbeid med eldre. Aldri før har så mange vald å ha praksis i utlandet.
I Norge kan Høgskulen i Volda plassere sosialarbeidarstudentar i Møre og Romsdal og Buskerud. Om lag 70 studentar er i Møre og Romsdal og 10 studentar i Buskerud. I Noreg har studentane praksis i felt som barnevernet, barneverninstitusjonar, rus og psykisk helsearbeid, bu og habilitering, krisesenter, skular, NAV, arbeid og inkluderingsbedrifter for å nemne nokre. I løpet av oktober fekk alle studentar besøk av kontaktlærar frå høgskulen, slik får både student og praksisrettleiar oppfølging, og tilsette får innsyn i trendar og utvikling i praksisfeltet.
Lærerik praksis
Studentane skal gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosialfaglege tenester vidareutvikle sin kompetanse innan yrkesutøving som sosialarbeidarar. Dei skal relatere teoretiske kunnskapar frå studiet til praktisk sosialt arbeid. Gjennom refleksjon og analyse skal studentane sjå samanheng mellom situasjonar, rammer og arbeidsmåtar i sosialt arbeid. Studentar melder at dei ser praksisstudia som sentrale i studiet.
Praksisstudentar i utlandet har særlege utfordringar i ny og ukjend kultur. Dei fortel om gode og lærerike opplevingar, men også om store utfordringar og sterke kjensler. Vi presenterer her bilde frå studentar i utlandet.