Utdanningsløftet 2020: 100 nye studieplassar til HVO
Regjeringa møter den rekordstore søkinga til høgare utdanning med å løyve pengar til 4000 nye studieplassar. Høgskulen i Volda fekk 100 av desse, i tillegg til seks nye stipendiatstillingar.
Regjeringa møter den rekordstore søkinga til høgare utdanning med å løyve pengar til 4000 nye studieplassar. Høgskulen i Volda fekk 100 av desse, i tillegg til seks nye stipendiatstillingar.
- Dette er strålande nyheiter og meir enn vi hadde venta å få, seier rektor ved HVO, Johann Roppen. - Førebels er det mykje som er uavklart, men vi startar umiddelbart med å planlegge for å ta imot ytterlegare 100 studentar til hausten.
- Les også: Enda fleire vil studere i Volda
Tildelinga vart klar måndag kveld. I ei pressemelding med overskrifta "Her kommer de nye studieplassene" skriv Kunnskapsdepartementet at Korona-krisa har ført til at fleire søker seg til høgare utdanning. Difor gir regjeringa pengar til 4000 nye studieplassar, med særskilt vekt på fagområde samfunnet treng i åra som kjem, som helse- og sosialfag, lærarutdanning og IKT-relaterte fag.
Føresetnaden for å få dei nye studieplassane, er at dei vert oppretta allereie hausten 2020.
250 nye rekrutteringsstillingar
Den store auka i søkarar gjer også at det trengs fleire stipendiatar og postdoktorar. Difor har regjeringa løyvd pengar til 250 nye rekrutteringsstillingar. Høgskulen i Volda har fått seks av desse.
– I årene som kommer trenger vi flere smarte hoder som kan finne nye løsninger på nye utfordringer. Nye rekrutteringsstillinger bidrar til at flere får en fot innenfor akademia og at vi opprettholder den langsiktige forskningsaktiviteten. Det skal også bidra til å bygge fagmiljøer, og styrke satsingen på forskningsbasert utdanning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i pressemeldinga frå KD.