Velkomen til Internasjonal dag

Tekst: Arne Humberset

- Oppdatert

Internasjonal dag er endeleg tilbake som eit fysisk arrangement. No håper vi at så mange som mogleg kjem til BK kantina onsdag 8. februar for å få med seg fargerike stands, eksotisk mat, internasjonale gjestar og eit spanande foredrag av Samuel Massie.

Internasjonal dag er ein festdag som både skal feire kor internasjonal høgskulen er, men også inspirere fleire studentar og tilsette til å vurdere å reise utanlands. Til Internasjonal dag kjem det 22 gjestar frå HVO sine partnaruniversitet i utlandet. Desse vil stå på stand saman med internasjonale studentar i Volda og HVO-studentar som har vore på utveksling. Utvekslingsmessa vil også by på smakebitar frå ulike land og musikalsk underhaldning.

Programmet for Internasjonal dag finn du her

Utdeling av pris

Under Internasjonal dag vil vi også annonsere vinnarane av Pris for internasjonalisering 2023. Denne prisen går til ein studentorganisasjon, studentfestival eller studentlag som har gjort ein spesielt god innsats for å inkludere internasjonale studentar. Det er mogleg å nominere organisasjonar til prisen fram til fristen 5. februar. Prispengane er på 10 000 kr. og vinnaren av prisen i 2022 var Animation Volda Festival.

Her kan du nominere din kandidat for prisen

Spennande gjest kjem

Samuel Massie
Foto: Samuel Massie

Som hovudgjest til årets Internasjonal dag kjem Samuel Massie, kjend frå m.a. Berserk-ekspidisjonen i 2011, samt reiseprogrammet "Samuel og Bestefar" på TV2. Han vil fortelje om korleis ein skulelei ungdom fekk orden på livet sitt gjennom eit år på Folkehøgskule og opplevingar i naturen. Samuel har gjort det negative i livet om til noko positivt som han deler og brukar til inspirasjon for andre. Som han Samuel sjølv seier "dersom eg kan, kan alle". Foredraget vert på engelsk.

 

Del på