Velkomen til Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Onsdag 7. februar vert BK-kantina gjort om til ei fargerik messe med eksotisk mat, flotte stands, og underhaldning frå internasjonale studentar. Arrangementet startar kl. 11.00 og er gratis for alle.

Internasjonal dag er ein festdag som både skal feire kor internasjonal høgskulen er, men også inspirere fleire studentar og tilsette til å engasjere seg globalt. Til Internasjonal dag kjem det i år fleire enn 20 gjestar frå HVO sine partnaruniversitet i utlandet.

Dei internasjonale gjestane kjem frå HVO sine partnarinstitusjonar i USA, Ghana, India, samt fleire europeiske land. Gjestane vil stå på stand saman med internasjonale studentar i Volda og HVO-studentar som har vore på utveksling. Utvekslingsmessa vil også by på smakebitar frå ulike land og musikalsk underhaldning.

Programmet for Internasjonal dag finn du her
 

Internasjonal dag

Gratis lunsj kl 13:00

Studentar og tilsette treng ikkje ta med matpakke denne dagen for vi feirar med gratis internasjonal lunsj til alle, servert av SiVolda-kantina.
 

Utdeling av pris

Under Internasjonal dag vil vi også annonsere vinnarane av Pris for internasjonalisering 2024. Denne prisen går til ein studentorganisasjon, studentfestival eller studentlag som har gjort ein spesielt god innsats for å inkludere internasjonale studentar. Prispengane er på 10 000 kr. og vinnaren av prisen i 2023 var Volda Studentidrettslag (VSI).
 

Spanande foredrag

Foto: Roger Sevrin Bruland (c)Som hovudgjestar til årets Internasjonal dag kjem Roger Sevrin Bruland og Agnieszka Pospiszyl. Du har kanskje ikkje høyrt namna deira før, men vi kan garantere at du har sett arbeidet deira på TV-skjermen. Roger Sevrin har arbeidd som NRK korrespondent i Europa dei siste åra og dermed blitt kasta inn i nokre av dei mest dramatiske hendingane i nyare tid; utbrotet av Koronapandemien og Ukraina-krigen. Saman med Agnieszka har han vore eit av krigs-teama til NRK under Ukraina-krigen.

Foredraget vil også ta for seg tendensar til populisme og anti-media haldningar i Europa. Foredraget er på engelsk og ope for alle.

Del på