Vi har opna for søking

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

1. februar opnar vi for søking til alle våre studium som startar opp til hausten. Årsstudium, bachelor- og mastergradsprogram eller kanskje ei vidareutdanning? Sjå kva vi har å by på her!

Høgskulen i Volda har eit variert tilbod innanfor årsstudium, bachelor- og mastergradsprogram og vidareutdanningar. Vi er kjend landet over for fleire av våre utdanningar og tilbyr mellom anna studium i fagområda: lærar- og barnehagelærarutdanning, mediefag, samfunnsutvikling, planlegging og leiing, praktiske og estetiske fag, kunst og musikkfag, helse- og sosialfag, historie, idrett og friluftsliv, språk og litteratur, religion og livssyn og digital kompetanse.

Vi er spesielt kjend for sitt tette og gode studiemiljø, der lærarane set av god tid til kvar enkelt student og studentane får seg venner for livet.


Søknadsfristen for våre studium i Samordna opptak er 15. april.

Studietest og studentar på Instagram

Er du ikkje heilt sikker på kva du vil studere, ta studietesten vår!

Framover vil studentambassadørane våre ta over Instagram-kontoen vår og vise fram hvordan de har det i Volda – både på skolen og fritida. Der vil også studentdrevne lag og organisasjonar dukke opp med jamne mellomrom og vise alt det morosame dei driv med. Følg oss der og på TikTok og Facebook.

Er du usikker på søknadsweb, realkompetanse, Samordna opptak eller opptakskrav? Her finn du nokre svar om dette.

Kjempegøy fritid

Studentane set stor pris på at Volda er av dei billigaste studiestadane i landet å bu. Sjå korleis du kan bu i Volda.

Da får dei meir pengar å bruke på fritida si, der dei kan nytte seg av alle dei ulike tilboda som finst i Volda.

Anten du er glad i friluft og sportslige aktivitetar i den vakre sunnmørsnaturen, kulturelle innslag der blant annet studenthuset Rokken har mykje å by på, ei rekke årlege festivalar som studentane er med på å drive eller politiske organisasjonar finn du noko å gjere på i Volda. Les meir om det her!

Vidareutdanningar

Høgskulen i Volda har eit rikt utval av vidareutdanningar – spesielt for lærarar og barnehagelærarar.

Høgskulen vil legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring. Fleksible studieformer gjer det mogleg for deg å kombinere studium og arbeid eller andre aktivitetar. I tillegg til å studere på heiltid, kan du velje nettstudium, studere på deltid eller samlingsbasert.

Frå hausten tilbyr høgskulen ei rekke tilbod innanfor dei gunstige ordningane Kunnskap for kvalitet (for lærarar i skulen) og Kunnskap for fremtidens barnehage (for barnehagelærarar). Til saman er det 15 tilbod innanfor desse to ordningane, der ein får stipend som gjer at ein kan ha fri til å studere ved sidan av jobb.

I tillegg tilbyr høgskulen ei rekke andre vidareutdanningstilbod for lærarar og barnehagelærarar.

Del på