Vidareutdanning: – Barnehagelærarar skal bli trygge på digitale verktøy

Leik og fysisk aktivitet godt hjelpt av digitale verktøy, kan gi barn i barnehagen nye og spennande måtar å lære kreativt på. Korleis barnehagelærarar best nyttar seg av desse verktøya får dei god innsikt i gjennom ei ny vidareutdanning som har søknadsfrist 1. mars.

digital kompetanse hos barn

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Leik og fysisk aktivitet godt hjelpt av digitale verktøy, kan gi barn i barnehagen nye og spennande måtar å lære kreativt på. Korleis barnehagelærarar best nyttar seg av desse verktøya får dei god innsikt i gjennom ei ny vidareutdanning som har søknadsfrist 1. mars.  

– Her skal barnehagelærarane få meir kjennskap til digitale verktøy og få meir kunnskap om kvifor og korleis ein kan nytte dette i barnehagen. Vi legg til rette for gode diskusjonar og erfaringsdeling, kombinert med det vi veit frå forskinga, seier Trine Kupen Refvik.

Ho har sjølv bakgrunn som barnehagelærarar og var i skoa til dei ho no skal undervise for ikkje alt for lenge sidan. Refvik skal ha mykje av undervisninga i vidareutdanninga som ber namnet Digital kompetanse i barnehagen.

Digital kompetanse i barnehagen

Fleksibelt og stipend  

Refvik er oppteken av at studentane hennar skal få utforske og bli trygge i det dei skal lære.

– Her skal det være rom for å utforske saman, stille gode og kritiske spørsmål for å få den kunnskapen ein treng for å bli trygg på digitale verktøy. Vi ynskjer å fokusere på kva verdi det kan tilføre leiken og andre aktivitetar i barnehagen, slår Refvik fast. 

Og for å trygge og kanskje freiste enda litt til. Dette er ei vidareutdanning som det er meininga at ein skal ta ved sidan av jobb, og som det er lagt godt til rette for å skulle klare nettopp det. 

– Studiet er bygd på instituttet si lange erfaring med nettbaserte tilbod, med leksjonar som du jobbar med når det passar i din kvardag. Den fleksibiliteten det gir deg til å sette deg ned uavhengig av stad og logge inn når det passar deg er god å ha i ein elles hektisk kvardag. Eg veit av erfaring at det kan være vanskeleg å prioritere tid til studiet, spesielt med små born i hus, difor har vi organisert studiet slik at folk kan gjennomføre det i ulike livssituasjonar, seier Refvik. 

Studiet er ein del av satsinga Kompetanse for fremtidens barnehage. Det betyr at om ein blir tatt opp som student, vil barnehagen få eit tilretteleggingstilskot på 100.000 kroner. Pengane kan til dømes gå til lærebøker, reise og opphald, vikarutgifter og andre studierelaterte utgifter. 

Ser behova – treng eit løft 

Gjennom Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagen (ReKomp) har tilsette ved Høgskulen i Volda som jobbar opp mot barnehage vore rundt om i barnehagar og hausta nyttig erfaring.

Torbjørn Frantsen

Torbjørn Frantsen har brei erfaring med digitale verktøy frå både barnehage og skule.


– Det vert gjort mykje spanande. Det er stor interesse og mange barnehagelærarar er nyfikne. Vi ser også at det er stor variasjon i kompetanse og tilgang på digitale verktøy i barnehagane. Gjennom ReKomp har vi fått eit innblikk i kva kompetanse mange manglar, og denne vidareutdanninga er mellom anna eit svar på det, seier høgskulelektor Torbjørn Frantsen, som er ein av dei som har arbeidd med ReKomp og vore med på å utvikle den nye vidareutdanninga.

– Det som er tøft med arbeidet i barnehagen er at dei er så leikne og nysgjerrige. Vi ser at nokre barnehagar er meir aktive digitalt enn andre, og totalen viser at vi treng eit kollektivt løft. Ikkje nødvendigvis på omfang, men på kvalitet og på å verte enno meir medvitne på når det digitale gir meirverdi. Det er vi glade for at Utdanningsdirektoratet også ser, og difor lyser ut dette studietilbodet med stipend, held Frantsen fram. 

Les også: Tildelt rekordmange vidareutdanningsplassar for lærarar i barnehage og skule

Flettast inn i aktivitetar 

Som tilsett i barnehage sjølv opplevde Refvik at barna vart engasjerte og syntest det var spennande då ho nytta ulike digitale verktøy.

– Det som er fint med å bruke digitale verktøy er at ein kan nytte det i allereie planlagde aktivitetar som ein elles ville gjennomført i barnehagen. Eg har blant anna laga digitale fortellingar, animasjonar og programmering saman med barna med utgangspunkt i tema frå årshjulet til barnehagen. Ved å bruke digitale verktøy fekk vi moglegheit til å undre, utforske og utvikle ny kunnskap på ein ny og spennande måte, fortel Refvik.

Ho peikar på fleire positive sider ved å nytte digitale verktøy i barnehagen: å gi alle barn positive erfaringar med digitale verktøy på ein kreativ måte er viktig for å utgjevne sosiale forskjellar, då alle har tilgang til digitale verktøy i barnehagen. Samtalene som barna har seg i mellom når dei utforskar og undrar seg i lag er i også veldig givande å høyre på. 

Les også: – Vil løfte barnehagane i framtida

Praktiske oppgåver 

Studentane vil få praktiske arbeidsoppgåver undervegs i studiet. Desse tek dei med seg inn i eigen barnehage.

– Dei praktiske oppgåvene er tenkt skal gjennomførast i arbeidstida saman med borna der det passar og med kollegaer på fellestid, i tillegg til at ein skal dele med og få erfaringar frå medstudentar i etterkant. Fleksibilitet så den enkelte kan gjennomføre det tilpassa eigen kvardag er her viktig, seier Refvik.

Det at studentane får praktiske ferdigheiter men også ei forståing av kvifor og korleis ein skal vurdere digitale verktøy, meiner Torbjørn Frantsen er viktig.

– Vi ynskjer å gjere studentane betre rusta til å møte ei utvikling som ikkje stoppar opp.

– Dei skal bli tryggare og ikkje berre handle ut frå nyheitstrendar. Studentane skal lære korleis dei kan legge til rette for bruk av digitale verktøy slik rammeplanen for barnehage tilseier og samfunnet har behov for, slår Frantsen fast.

Studiet tel 30 studiepoeng og består av emna Innføring i digital kompetanse og praksis i barnehagen (haustsemesteret) og Digital praksis og profesjonsutvikling i barnehagen (vårsemesteret). 

Del på: