– Vil løfte barnehagane i framtida
Med heile tre nye vidareutdanningstilbod for barnehagelærar, tilbyr Høgskulen i Volda frå hausten 2023 av fem tilbod under den gunstige ordninga Kompetanse for fremtidens barnehage (KfB). Sjekk ut alle dei tilboda, i tillegg til liknande tilbod for lærarar i grunnskulen, her!
Med heile tre nye vidareutdanningstilbod for barnehagelærar, tilbyr Høgskulen i Volda frå hausten 2023 av fem tilbod under den gunstige ordninga Kompetanse for fremtidens barnehage (KfB). Sjekk ut alle dei tilboda, i tillegg til liknande tilbod for lærarar i grunnskulen, her!
Kompetanse for fremtidens barnehage (KfB) skal vere med på å støtte opp om arbeidet med rekruttering av og kompetanseutvikling hos tilsette i barnehagen. KfB som i utgangspunktet var ein strategi som etter fire år skulle gå ut 2022, er no forlenga av Stortinget fram til 2025.
Som ein del av denne strategien har Høgskulen i Volda (HVO) tidlegare hatt to studietilbod som barnehagelærarar kan søke på med gunstige stipendordningar, som vi kjem tilbake til litt lengre ned i denne teksten.
Etter ein søknadsprosess og tildeling frå Utdanningsdirektoratet kan HVO no by på tre heilt nye tilbod med oppstart hausten 2023.
– Vi er svært glad for å kunne tilby eit enda breiare fagleg tilbod til barnehagelærarar i regionen vår og andre som ønskjer å søke studieplass hos oss, seier Ole Frank Bakken, etter- og vidareutdanningskoordinator ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO.
Les meir om KfB, KfK og andre vidareutdanningstilbod fær lærarar ved HVO her.
Framtidsretta og 80.000 kroner i stipend
Dei tre nye studietilboda er Spesialpedagogikk i barnehagen, Leiing av utviklingsarbeid og Digital kompetanse i barnehagen. Saman med Realfag i barnehagen og Rettleiing for praksislærarar i barnehagen, som HVO held fram med å tilby, kompletterer desse tilbodet høgskulen har innan KfB. Spesialpedagogikk i barnehagen kan seinare inngå som ein del av mastergraden Spesialpedagogikk ved HVO, det same kan Leiing av utviklingsarbeid gjere i mastergraden Barnehagekunnskap – ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø.
– Her har barnehagelærarar ein alle tiders moglegheit til å oppnå fagleg utvikling som dei vil drage nytte av i arbeidskvardagen – og barnehagen som arbeidsplass det same. Dette er framtidsretta utdanningar som vil løfte barnehagane, meiner Bakken.
Som tidlegare nemnd inneber det å få studieplass på eit av desse tilboda at ein kjem inn under ei gunstig stipendordning – både for barnehagen og den tilsette studenten. Barnehagen får 80.000 kroner i tilretteleggingsmidlar. Midlane skal nyttast til vikarutgifter, kjøp av bøker, reise, opphald og semesteravgift.
– Det gjer at studenten kan få betalt fri for å vere på samling på høgskulen, og det same om det er ei veke med heimeeksamen til dømes. Det er ei svært god ordning som barnehagelærarar bør nytte seg av. Den varer ut 2025 og vi veit ikkje kva som skjer etter det – her er det berre å hive seg på, smiler Bakken.
Slik søker du KfB
Realfag i barnehagen og Rettleiing for praksislærarar i barnehagen har studieplanar klare, medan det vil bli mogleg å lese meir om dei tre nye tilboda – Spesialpedagogikk i barnehagen, Leiing av utviklingsarbeid og Digital kompetanse i barnehagen – når det vert publisert studie- og emneplanar for desse 20. januar.
Søkeperioden for desse studia er 1. februar – 1. mars. Ein søker først opptak gjennom Utdanningsdirektoratet (Udir), les meir om det her.
Deretter må styrar i barnehagen godkjenne søknaden.
Om søknaden blir godkjent av Udir må søkaren søke opptak lokalt hos Høgskulen i Volda i mai. Det siste vil søkaren få beskjed om gjennom en e-post i slutten av april/starten av mai.
KfK – tilbod for lærarar i skulen
I tillegg til dei fem barnehagetilboda nemnt ovanfor, vil Høgskulen i Volda hausten 2023 tilby 15 studietilbod, tre av desse nye, innan ordninga Kompetanse for kvalitet (KfK) for lærarar i grunnskulen. Totalt gjer det at HVO har 20 studietilbod innanfor KfK og KfB – noko som er rekordmange! Det gjer at HVO har 815 studieplassar for desse to ordningane.
– For å vere ein forholdsvis liten høgskule er vi ein veldig stor aktør innan vidareutdanning for lærarar. Gjennom mange år har vi skaffa oss god erfaring på dette feltet, som igjen sørger for at vi tilbyr gode utdanningar.
Opp i dette er det også ein vinn-vinn-situasjon. Lærarane ute i barnehagar og skular tek med seg svært verdifulle erfaringar frå praksisfeltet når dei tek vidareutdanningar hos oss, som våre utdannarar dreg nytte av. Så vil lærarane få med seg forskingsbasert undervisning gjennom vidareutdanningane tilbake til sine arbeidsplassar, seier etter- og vidareutdanningskoordinator Bakken.
Hausten 2023 tilbyr HVO desse KfK-studia for lærarar:
Engelsk 1 1.-7. trinn, Engelsk 1 5.-10. trinn, Engelsk 2 5.-10. trinn, Matematikk 1 1.-7. trinn, Matematikk 1 5.-10. trinn, Matematikk 2 5.-10. trinn, Norsk 1 1.-7. trinn, Norsk 2 8.-13. trinn, Programmering 1.-7. trinn, Programmering 5.-10. trinn, Programmering 8.-13. trinn, Kunst og handverk 1.-10 trinn, Musikk 1 1.-10. trinn, Kroppsøving 1, 1.-10. trinn og Spesialpedagogikk 1.-10. trinn.
Søking og stipend for KfK
Søkeperioden for desse studia er 1. februar – 1. mars. Ein søker først opptak gjennom Utdanningsdirektoratet (Udir), les meir om det her.
Om søknaden blir godkjent av Udir må søkaren søke opptak lokalt hos Høgskulen i Volda i mai. Det siste vil søkaren få beskjed om gjennom en e-post i slutten av april/starten av mai.
Stipendordningane for KfK er gode. Ein kan for 2023 velje mellom 120.000 kroner i stipend eller vikarstøtte der ein reduserer stilling med 37,5 prosent. Les meir om KfK ordningane og sjå studiekatalogen til UDIR her.