VR-briller i utdanninga vekkjer oppsikt

Tekst: Steinarr Sommerset , Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Høgskulen i Volda (HVO) er langt framme på bruk av VR (virtuell røynd) i lærarutdanninga. Nyleg kom gjester frå både ein Oslo-skule og politiet for å teste og lære meir om løysingane HVO har utvikla.

NRK i vinter fekk mange sjå korleis lærarstudentane i Volda får øve på virtuelle foreldremøte med VR-briller. Ein av dei som fatta interesse, var Selim Unsal, rektor ved den private vidaregåande skulen Akademiet VGS Oslo.

– Vi blei veldig nysgjerrige då vi kom over dette. Det som er mest spennande, er korleis de har sett VR inn i ein læringskontekst – eg har ikkje sett dette andre stader.

Unsal og kollegaene hans har derfor teke turen til HVO for å lære meir.

Trudi Henrydotter Eikrem.
Førstelektor Trudi Henrydotter Eikrem forklarer kvifor og korleis HVO nyttar VR-briller i lærarutdanninga.

Mengdetrening eit brilleglas unna

– Med det eg veit, er det ikkje andre i utdanningssektoren som har fått til tilsvarande løysingar som den vi har utvikla, og vi har sett stor interesse der ute for bruken vår av VR som ein læringsressurs i lærarutdanninga, fortel førstelektor Trudi Henrydotter Eikrem ved HVO.

Under besøket presenterer ho bakgrunnen for teknologiprosjektet, som kom i gang i 2021. Eikrem hadde sett korleis politiet øvde på simulert stresshandtering ved bruk av 360-video (filma i 360 graders vinkel). Konseptet med å simulere relevante jobbsituasjonar gjennom ny teknologi blei kimen til ideen om å nytte virtuell røynd i lærarutdanninga i Volda.

– Vi såg at det måtte vere mogleg å bruke VR-briller til å korte ned litt på den lange vegen til erfaring i yrket sitt. Får ein moglegheit til mengdetrening i krevjande situasjonar tidleg, blir ein også mindre sårbar som fersk i faget.

Eikrem illustrerer potensialet ved å vise til si eiga tid som undervisar i skulen:

– Eg var grunnskulelærar i 22 år, og då fekk eg øvd meg på foreldremøte rundt 50 gonger til saman. Dét er ikkje veldig mykje, og det tek lang tid å få den erfaringa.

Upløgd mark for mange

– Har de prøvd VR-briller før? spør overingeniør Peder Smart Sefland, som står klar med det tekniske utstyret gjestene skal få på seg.

– Eg har brukt det litt som underhaldning, men vi har det ikkje på skulen vår.
– Nei, men eg er spent.
– Aldri.

– Glimrande! Då skal de få oppleve det i dag, kjem det entusiastisk frå Sefland.

Den korte vegen mellom IT-miljøet og undervisningsmiljøet ved høgskulen er noko Eikrem dreg fram som ein viktig grunn til at HVO har klart å få til den innovative øvinga med interaktive VR-videoar.

I VR-løysinga kan lærarstudentane prøve tre ulike scenario, med og utan innlagd tidsfrist, og etterpå får dei evaluere korleis det gjekk, og finne ut kva dei vil jobbe meir med. Dei kan låne utstyret og øve så mykje dei vil, for å bli tryggare på utfordrande situasjonar lærarjobben kjem til å by på.

Sukrar pilla i VR – kjenner det på kroppen

Snart sit gjestene med VR-briller på og spel-aktige kontrollar i hendene, og ganske raskt får dei bryne seg på den realistiske rolla som lærar – inne i eit virtuelt foreldremøte med ekte skodespelarar som kritiske foreldre.

Senkar dei blikket mot kateteret der inne, ser dei at vurderingane til barnet ikkje blir berre gode nyheiter. Korleis skal dei på best måte formidle dette til forventningsfulle føresette?

– Vi ser at Jonas kan bli … litt aggressiv, frustrert … veit ikkje om de kjenner att dette frå korleis han er heime?

Frå utsida ser du ein snodig monolog. Men då HVOs utsende sjølv skal i elden, er det tydeleg at det virtuelle og det verkelege smeltar saman i fysiologiske reaksjonar: Det blir både sveitte handflater og oppkava snakking i møte med det stressande, oppslukande rollespelet inne i brilleverda – eg er læraren på foreldremøtet.

– Det er fascinerande korleis de har bygd det opp, kjem det frå ein av Oslo-lærarane med VR-brillene på panna for ein liten pause, før han forsvinn inn att for å utforske vidare.

Overføringsverdi til andre yrke

I tillegg til reisefølgjet frå Akademiet er praksisansvarleg Matz Åsebø i Møre og Romsdal politidistrikt med på samlinga. I rolla som lærar har han nett prøvd VR-briller for aller første gong.

Korleis var det?

– Det var spennande, og eigentleg meir røyndomsnært enn eg hadde tenkt. Eg trur dette er eit veldig fint verktøy å bruke – på rett måte.

Åsebø synest halvdagsmøtet om VR-løysingar ved HVO er inspirerande.

– Ein får idear om moglegheitene i ein politifagleg kontekst, både i opplæring av studentar og i operativt politiarbeid. Øving på foreldresamtale er heller ikkje så ulikt politiet sine bekymringssamtalar. Det er flott at HVO er så pass langt framme på teknologi. Det må de berre halde fram med, og så får vi andre hive oss på.

Utprøvande i møte med det utfordrande

Vertskapet ved HVO demonstrerer også andre moglege bruksområde og løysingar for VR: alt frå å lære anatomi ved å utforske kroppen lagvis til virtuelle turistguidar og beredskapsøvingar. Mellom prøveturane til ymse brilleland har forsamlinga gode myldreøkter om kva samfunnsnytte denne teknologien kan få.

Rektor Selim Unsal slår fast, ved virtuelt sjølvsyn, at den HVO-utvikla løysinga har mykje potensial.

– Eg tenkjer det kan brukast opp mot både elevar og lærarkollegaer for å gjere folk bevisste på korleis ein formidlar ein bodskap og eit svar, både i innhald og metode, og korleis mottakaren opplever det. Og så kan ein bruke det til å finne ut kva ein vil jobbe med ved seg sjølv, og evaluere progresjonen sin.

HVO-førstelektor Eikrem dreg linjer mellom store endringar i både samfunnet og skulen for å understreke nytten av å bruke innovative verktøy i danning.

– Klasserommet er kanskje det siste kollektivet i samfunnet vårt. Skal lærarane klare å halde bastionen, handlar det om sosialisering og fellesskap – og då er foreldremøtet kjempeviktig. Men kven veit kva status klasserommet har om ti år? Eg trur vi gjer lurt i å utforske denne teknologien i utdanninga no – for framtida.

Del på