Facebook i barnehagen?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

48b58270e3c90f1be5acc4c2c289a909Torsdag og fredag var over 400 pedagogisk personale i barnehagar, barnehageansvarlege, PPT- og høgskuletilsette samla i Ålesund til den årlege Barnehagekonferansen.

- Barnehagane står ovanfor nye utfordringar og moglegheiter i høve nye sosiale medium som Facebook og Twitter, seier ein av konferansearrangørane, Elisabeth Welle ved barnehagelærarutdanninga på Høgskulen i Volda.

- Eit viktig mål med Barnehagekonferansen i år er å reflektere over korleis IKT og sosiale medium blir nytta til borna sitt beste i barnehagane, og samstundes få med både kreativiteten og ansvaret som følgjer med.

Saman med Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet har høgskulen arrangert Barnehagekonferansen sidan 2003. Konferansen har i år 421 deltakarar frå 30 kommunar i Møre og Romsdal, samt Trondheim, Bergen og Oslo.

78b4e1519b8695270817ced2262cf98f
Arbeidsgruppa for Barnehagekonferansen 2013: Maren Ørjasæter Aaland frå Fylkesmannen, Elisabeth Welle og Hanne Elin Harnes frå Høgskulen i Volda og Hilde Holmeide Aandahl frå Utdanningsforbundet.

- Vi er glade for å sjå at barnehagane i fylket ser ut til å prioritere denne konferansen, seier Hanne Elin Harnes ved Høgskulen i Volda. -Vi har eit godt samarbeid i prosjektgruppa, og legg ned mykje arbeid i å finne gode tema og høg fagleg kvalitet. Vi dristar oss til å hevde at Barnehagekonferansen har blitt ein viktig fagleg og sosial møteplass for barnehagane i Møre og Romsdal.

Del på