FRAM10- Barnehagekonferansen 2012

1. og 2. november arrangerer Høgskulen i Volda Barnehagekonferansen saman med Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, oppvekst- og utdanningsavdelinga. Konferansen har vorte ein populær og etterspurt fagleg møteplass for pedagogisk personale i barnehagesektoren. Med FRAM10- Barnehagekonferansen 2012 markerer vi tiårsjublieumet for samarbeidsprosjektet på Rica Parken Hotel i Ålesund!

Målgruppe for konferansen er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivået, PPT- og høgskuletilsette

Tidlegare konferansar:
2003: ”Den kompetente vaksne” (Jubileumskonferanse, Høgskulen i Volda)
2004: ”Mitt skip er lasta med”
2005: ”Liten, eg?”
2006: ”På ramme alvor”
2007: ”Tidleg krøkast!”
2008: ”Den nye barnehagen?”
2009: ”Inkluderande og likeverdig”
2010: ”Danning –dokumentasjon”
2011: ”Makt og Avmakt”

• I 2011 var deltakartalet om lag 430 stk.

I tillegg til brev med invitasjon og program som blir sendt kommunane og barnehagane, vil meir informasjon om Barnehagekonferansen 2012 verte lagt ut på heimesidene til dei tre samarbeidspartane.

Vi ønskjer velkomen til Barnehagekonferansen 2012 – FRAM10!

NB: Påmelding skjer i år på heimesida til Høgskulen i Volda.
(Konferansesida vil bli lansert på www.hivolda.no/FRAM10)

Del på: