Ny dramatikk i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Vibeke Preus Bech har jobba med drama og teater ved Høgskulen i snart tretten år. I løpet av karriera har ho sett opp ei lang rekkje skodespel.
- Prosessen med å finne gode skodespel som eignar seg til studentproduksjonar er ikkje alltid lett. Klassene våre har ulik storleik, og som regel er det overvekt av jenter. Då blir utvalet av stykkje å velgje i lite, spesielt viss ein skal finne gode kvinneroller.

5615f9ed1748fda0a531ecb01ab80a92ef4a0a3b

Dette, i kombinasjon med eit ynskje om å utvikle seg som manusforfattar inspirerte Bech til å melde seg på eit manusutviklingskurs ved Skriverommet i Oslo i 2009. Med seg i 0bb2195fe8bba656442c5672dbd035e022c8d983skriveprosessen har Bech hatt med seg ein av Noreg sine store samtidsdramatikarar, Jesper Halle.cdeb38e4626d959009a8e64090fd6389b813fa35

- Halle har vore ein god medspelar. Eg har fått mykje god tilbakemelding og konstruktiv kritikk, seier ho.
- Eg har sjølv sett opp fleire teaterstykke av Halle, og er vel litt fan, så då han takka ja til å vere konsulent for manuset mitt vart eg både nervøs og glad.

Bech har også hatt med seg studentane i arbeidet undervegs, som både lesearar og utprøvarar, og på søndag står 16 av dei på scenen etter ei seks månaders øvingsperiode.

- Det blir godt å endeleg få vise skodespelet for eit publikum, seier Bech, men det er ikkje fritt for at eg også har meir nervar enn vanleg.

Rom 309, visast i Teatersalen i Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda (Gamle lærarskulen) søndag, måndag, onsdag og torsdag. Alle dagar kl. 19.00. Billettar (Kr. 80,-/50;-) er å få kjøpt i resepsjonen ved høgskulen og ved døra. 

Velkomen!

Del på