Oppmodar til deltaking på viktig fagseminar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Korsnes er tidlegare student ved Høgskulen i Volda, og skriv i ein kommentar til oss om Aktiv omsorg og den komande fagdagen:


Når ein arbeider med mennesker som har ein demenssjukdom er det viktig at vi som helsepersonell har evne og vilje til å setje oss inn i situasjonen til den vi skal hjelpe.

Personar med demens har ofte vanskar med å orientere seg om kvar ein er, når på døgnet det er, kvar familien er eller kven vi er som kjem for å hjelpe. Når nokon opplever eit slik ”personleg kaos” kan det vere ei utfordring å få kome til for å hjelpe.

Dersom vi opplever at pasienten ikkje vil samarbeide må vi ta eit steg tilbake og reflektere over kva vi kan gjere for å skape tryggleik og tillit hos pasienten. Personorientert omsorg er eit stikkord. Vi må syne pasienten at vi kjenner han, veit kven han er, veit kva han set pris på – og ikkje minst syne pasienten at vi har tid og er tilstades for han.

I praksis kan tillitsskapande arbeid gjere at pasienten opplever møtet med hjelparen som eit positivt innslag - ein gylden augneblink. Men, det krev samstundes at helsepersonellet kjenner pasienten og nyttar denne kunnskapen i møte med pasienten.

Det er  flott at Høgskulen i Volda tilbyr vidareutdanning i Aktiv Omsorg, der helsepersonell har høve til å blant anna å få meir kunnskap om korleis ein kan gå fram for å drive tillitsskapande arbeid. Eg har sjølv tatt vidareutdanninga og hatt undervisning om dette temaet, og eg tilrår alle som har høve til det å få med seg denne fagdagen!

Synnøve Holte Korsnes
leiar  Sone 2

2e5f1783f1c9f2706987573a0df69500
Synnøve Holte Korsnes

Del på