Vi kan - saman. Barnehageløftet på Søre Sunnmøre

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Med utgangspunkt i Kunnskapsdeparetmentet sin Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren 2007-2010 (Barnehageløftet) har Høgskulen i Volda og kursregionen på Søre Sunnmøre det siste året hatt eit samarbeid om lokalt utviklingsarbeid. Barnehagenettverket har nytta seg av tilbod som HVO har lyst ut, og dei har utfordra høgskulen til å utvikle nye tilbod. Høgskulen i Volda sine tilsette har halde førelesingar og gitt rettleiing til barnehagepersonalet under vegs i prosessen. Det har utvikla eit fruktbart samarbeid for alle partar.

Til inspirasjon og til vidare nettverksbygging presenterte tjueåtte barnehagar frå sine problemstillingar og sine prosessar innanfor tema:
Lærerik leik
Språk og språkutvikling
Mat og rørsle
IKT og medverknad

3c67d86b980bac2c7b188b199c3e770d09f7ce8f
Mosmarka barnehage i Ørsta har jobba med lærerik leik. F.v. Johan Raiso, Eli-Karin Sjåstad Åsebø (HVO) og Beate Bjerkvik

cc02a2e0c71c11e7f4f80d9f53d8be7527e4667b
Sætra barnehage i Ulsteinvik har hatt eit prosjekt om Den lærerike samtalen. Rettleiarar frå HVO, Liv Ingrid Håberg og Irene Garnes Hareide saman med tilsette i Sætra barnehage i Ulsteinvik,Randi Dimmen og Astrid Andersen er godt nøgde med prosjektet og kan melde om respons.

8fa932f2910fe2b5efbe6dfbe00820a16ab043ee
Torill Høydalsvik orienterte om studietilbod ved Høgskulen i Volda  

Del på