”Det glemte kjønn”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Marte Synnøve Hanche-Dalseth (26) er frå Ålesund og er nett ferdig med Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og leiing. I masteroppgåva viser ho til ei ny tilnærming innan kjønnsforsking, og har fått gode tilbakemeldingar frå mellom anna Forskingsrådet.
– Eg har skrive masteroppgåve om det regionale styringsnivået sin kapabilitet i likestillingspolitikken i Møre og Romsdal. Tittelen på oppgåva er ”Det glemte kjønn”, med vekt på det manglande fokus på menn i likestillingspolitikken.

Interesse for likestilling
Arbeidet med oppgåva har bakgrunn i ei tidleg interesse for likestilling, og korleis samfunnet består av kjønna strukturar. I prosjektet har ho intervjua politikarar og administrativt tilsette, og på den måten kopla samfunnsplanlegging og likestilling til eit strukturelt forklaringsperspektiv.
– Kjønnsforsking i Noreg er etter mitt syn mykje styrt av sosiologiske individorienterte forklaringsperspektiv, og eg ønskte derfor ei anna tilnærming, der styringssystemet og politikken var undersøkingsobjekt. Møre og Romsdal kjem svært dårleg ut på Statistisk sentralbyrå sin likestillingsindeks år etter år, og eg ønskte å sjå om eg kunne finne forklaring på dette, seier Marte Synnøve Hanche-Dalseth.

MARTE_300_1
Marte Synnøve Hanche-Dalseth har fått god respons på masteroppgåva
om likestillingsarbeid i Møre og Romsdal. (Foto: Privat)

Kvinnepolitikk og ikkje likestillingspolitikk
Marte Synnøve Hanche-Dalseth peikar på kjønnsforsking og likestilling som aktuelle tema, og meiner at fokuset og utfordringane stadig vil vere i forandring. Ho er oppteken av å utvikle politikken og forskinga i takt med tida og sjå dei utfordringane som melder seg.
– Den likestillingspolitikken som blir driven i Møre og Romsdal, og i Hedmark som eg samanlikna med, er i stor grad kvinnepolitikk – og ikkje likestillingspolitikk. Menn sine rettar er marginaliserte, og slik blir menn sine rettar som kjønn diskriminerte i desse to fylka.

I oppgåva har ho nytta kvalitativ metode. Arbeidet tok til i oktober og oppgåva vart levert i slutten av mai.
– Det har vore mykje arbeid, men svært lærerikt. Ein får eit sterkt forhold til eigeninnsamla data. Eg har merka ein klar nivåforskjell frå bachelor- til mastergradsstudiet, der eg på mastergradsstudiet har fått bruke kunnskapen meir aktivt. Det har vore periodar med frustrasjon og skrivesperre, men vi hadde ei ”peerordning” kvar ettermiddag etter samlingane i Volda, der vi presenterte materiale for ein medstudent. Det var til stor hjelp med tilbakemeldingar, og førelesaren og rettleiaren var også til stades med suppleringar.

Ny og interessant tilnærming
Mastergradsstudentar blir oppfordra til å publisere funna sine på lik linje med andre forskarar. Marte Synnøve Hanche-Dalseth sende derfor oppgåva til vurdering til Forskingsrådet sitt informasjonssenter for kjønnsforsking, KILDEN. Forskingsrådet har sendt forslag til publisering for forsking.no, som er den største nettbaserte kanalen i Norden for formidling frå norsk og internasjonal forsking.
– Tilbakemeldinga har vore at oppgåva viser ei ny og interessant tilnærming til kjønnsforsking og likestilling som fagområde. Det er ei utruleg kjekk tilbakemelding å få, fortel ho. (Les intervju med Marte på KILDEN si nettside)

Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og leiing gir høg kompetanse i planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar. Studiet legg vekt på å knyte saman teori og praksis og til å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggjar og leiar.
– Studiet har gitt meg auka kunnskap, og det tverrfaglege innhaldet i studiet gir breiare perspektiv og forståing. Eg sit igjen med nyttig og relevant kunnskap, og har mange muligheiter på arbeidsmarknaden. Erfaringa eg har fått med masteroppgåva er den viktigaste erfaringa for min del, og det ønskjer eg å byggje vidare på. Å få arbeide med samfunnsforsking, og kanskje litt undervisning, er heilt klart målet for framtida.Eg vil gjerne gå vidare med ei doktorgrad, og håper på aktuelle stipendiatstillingar ved ein av høgskulane i regionen, avsluttar Marte Synnøve Hanche-Dalseth.

Del på