Forskar på livsviktig plikt – får internasjonal merksemd

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

HVO-forsking på plikta til å avverje partnarvald vekte nyleg sterk interesse på ein europeisk konferanse. Forskingsprosjektet MANREPORT-IPV varer til 2026 og er HVOs største nokosinne.

– Det er stort internasjonalt søkjelys på det å avverje vald i nære relasjonar. Derfor er det eit paradoks at avverjingsplikta er så lite forska på, meiner professor Kjartan Leer-Salvesen ved Institutt for sosialfag på Høgskulen i Volda (HVO).

Han er HVOs prosjektleiar for det store forskingsprosjektet MANREPORT-IPV, som starta for to år sidan og varer til 2026.

Nyleg var forskarane i prosjektgruppa på europakonferansen om familievald i Reykjavík. Her fekk dei ein solid tidsbolk til å profilere forskingsprosjektet – og responsen var svært god, fortel professor Silje Louise Dahl, som var ein av dei som presenterte frå HVO:

– Det er positivt å få disponere eit heilt symposium (90 minutt) på ein internasjonal konferanse med nesten tusen deltakarar og eit særs tett program.

Banebrytande på fleire frontar

Føremålet med MANREPORT-IPV er å få fram forskingsbasert kunnskap om plikta til å avverje partnarvald, slik at både hjelpeapparatet og samfunnet evnar å førebyggje dette folkehelseproblemet betre.

Tematisk er MANREPORT-IPV det første forskingsprosjektet i sitt slag i Europa, og storleiken på prosjektet er også unik internasjonalt. Med ei totalramme på 52 millionar kroner (inkl. eigenbidrag) er prosjektet det mest omfattande HVO nokosinne har hatt ansvar for.

HVO har i dag fem forskarar og  ein dagleg leiar i sving i prosjektet, der samarbeidsinstitusjonane er Oslo Universitetssjukehus HF, Politihøgskolen og Høgskolen i Molde.

  • Les meir om forsking ved HVO her.
Kjartan Leer-Salvesen og Silje Louise Dahl.
Kjartan Leer-Salvesen og Silje Louise Dahl er begge professorar ved Institutt for sosialfag på Høgskulen i Volda (HVO) og arbeider med den omfattande HVO-forskinga på avvjeringsplikt i møte med partnarvald. Foto: HVO.

Nedgang i partnardrap, men framleis utfordringar i systemet

I perioden 1990–2020 var det i gjennomsnitt åtte partnardrap årleg i Noreg (Vatnar, Friestad & Bjørkly, 2022). Professor ved Høgskolen i Molde og psykologspesialist Solveig Karin Bø Vatnar, som leier forskingsprosjektet MANREPORT-IPV saman med Leer-Salvesen, fortel om ein nyare tendens i denne statistikken:

– Frå 2015 ser vi for første gong ein nedgang i førekomsten av partnardrap i Noreg. Frå 1990 har vi hatt ein svak, men jamn nedgang i førekomsten av drap generelt, utan at det tidlegare har vore ein tilsvarande nedgang for partnardrap. I 70 % av partnardrapa var det registrert tidlegare partnarvald. Andelen partnardrap der identifisert risiko hadde blitt vidareformidla til andre instansar, var uendra og ligg på ca. 20 %. Dette peikar på utfordringane rundt teieplikt, opplysningsplikt og avverjeplikt i møte med alvorleg partnarvald.

Solveig Karin Bø Vatnar.
Solveig Karin Bø Vatnar, psykologspesialist og professor ved Høgskolen i Molde, er prosjektleiar for MANREPORT-IPV saman med HVO-professor Kjartan Leer-Salvesen. Foto: Høgskolen i Molde.

Håpar at forskinga kan redde liv

Tidlegare forsking på partnardrap viser at i fleirtalet av drap har offer og gjerningsperson vore i kontakt med hjelpeapparatet før drapet. Førebyggingspotensialet, og korleis avverjingsplikta fungerer i så måte, er dermed viktig for forskarane.

– Håpet er at denne forskinga kan bidra til å hindre partnarvald og -drap. Vi utforskar kva profesjonsutøvarane veit om, og faktisk gjer med, plikta si til å avverje partnarvald. I tillegg finn vi ut korleis både offer og valdsutøvarar har opplevd avverjingsplikt i praksis – kva som har blitt gjort i deira situasjon, fortel Dahl.

Forskarkollega Leer-Salvesen illustrerer med eit døme:

– Tenkjer ein lege at ansvaret hens er å fikse eit beinbrot eller å avverje vald i eit forhold? Kanskje har det vore eskalerande skadar på pasienten over tid: Korleis jobbar legen med det?

Du og eg har også plikt til å avverje

Plikta til å avverje partnarvald gjeld ikkje berre profesjonelle. Ved fleire former for vald og overgrep har vi alle plikt etter straffelova til å prøve å avverje det dersom vi finn ut eller skjønar at noko kjem til å skje.

  • Les meir om kva ansvar vi alle har, på plikt.no.

Medan mange veit at det er ulovleg å køyre forbi ei trafikkulykke utan å hjelpe, kan forskarane fortelje om naboar som dreg for gardinene når helsa tydeleg står på spel i partnarvaldssituasjonar. Forskarane meiner at medvitet om avverjeplikt godt kan samanliknast med medvitet om å kunne hjarte- og lungeredning.

– Når ein tek førarkortet, lærer ein å ikkje køyre forbi ei ulykke, så dét har folk innebygd. Det handlar ikkje berre om normal anstendigheit, men faktiske krav i lova. Derfor er vi opptekne av dette i forskingsprosjektet: Kunnskap hjelper, og først er det fagfolka som må få betre forskingsbasert opplæring, seier Leer-Salvesen.

Skal ikkje vere skrivebordsforsking

Avverjingsplikt er eit både utfordrande og omstridt tema internasjonalt. Lovgivinga varierer frå land til land: Somme stader gjeld plikta berre for helsepersonell, og det er mykje debatt om korleis ei slik plikt kan påverke terskelen for å søkje og yte hjelp.

– Nettopp dette gjer det viktig med meir forsking som kan vere internasjonalt overførbar, både når det gjeld erfaring, kompetanse og lovutforming, meiner Dahl.

Under fagkonferansen i Reykjavík nyleg diskuterte forskarane foreløpige funn frå MANREPORT-IPV, og  den første artikkelen er no til fagfellevurdering. Så snart forskingsresultata ligg føre, blir formidlinga sentral.

– I prosjektet har vi mellom anna ein eigen stipendiat i forskingskommunikasjon som ser spesielt på korleis vi kan nå dei viktige målgruppene rundt om på sjukehusa, fortel Leer-Salvesen.

Ein treng ikkje å lese avis særleg lenge for å sjå at den alvorlege tematikken partnarvald og -drap stadig er aktuell – og høgst reell – for heilt vanlege folk, noko til dømes VG og NRK har sett søkjelys på. Desto viktigare er det for forskarane at ny kunnskap skal nå ut breitt.

– Vi har mellom anna hatt fagdag med krisesenter, og barnevernstenesta skal ha ein fagdag knytt til forskingsprosjektet etter jul. Vi skal få kunnskapen ut til dei profesjonane som kan hjelpe – det er viktig at kunnskapen ikkje berre blir delt med andre forskarar, understrekar Dahl.

Del på