Disputerte med fagleg eleganse
Sist fredag forsvarte Jarle Pedersen doktoravhandlinga " Kamper for anerkjennelse - unge flyktninger i møte med norske lokalsamfunn". Han har dei siste åra vore stipendiat ved Institutt for sosialfag, og er nylig tilsett som 1. amenuensis ved samme institutt, der han skal undervise i fleirkulturelt arbeid.
Fredag 14.mars forsvarte Jarle Pedersen Dr. Polit avhandlinga si ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap, NTNU Trondheim. Avhandlinga sin tittel er " Kamper for anerkjennelse - unge flyktninger i møte med norske lokalsamfunn".
Jarle Pedersen under disputasen sist fredag.
Pedersen disputerte med fagleg eleganse i møte med 1. opponent Professor Matz Franzèn, Universitetet i Uppsala og 2. opponent Forskingssjef Bjørn Hvinden, NOVA. Kommisjonen sin endeleg vurdering av arbeidet slo fast at Pedersen sitt arbeid var eit viktig bidrag til anerkjennelses- og flyktningeforskinga. Opponentane framheva både det empiriske arbeidet til Pedersen og som gav ny innsikt og dei teoribaserte drøftingane der ma. Bourdieu sine omgrep blir brukt på ein kontruktiv måte.
Rektor Jørgen Amdam var tilstades då Jarle Pedersen forsvarte doktoravhandlinga si.