Foredrag som levandegjer sosialfaget

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Ho har ei fantastisk framstillingsevne, og levandegjer forelesinga på ein flott måte, fortel studentane Eva, Janne og Kristin.
Dei studerer ved sosionomutdanninga ved Høgskulen i Volda, og fekk høyre Loveleen sitt foredrag om å forstå det å vere annleis.

Temaet inngår som ein del av studentane si førebuing til å arbeide med fleirkulturelle utfordringar i sitt framtidige yrke.

loveleen_eva-og-janna

Sosionomstudentane Janne og Eva var svært nøgde med foredraget.


- Loveleen har hatt to gjesteforelesingar her i Volda før, fortel dei nøgde studentane, og legg til at det å få konkretisert teorien slik, skaper ei levandegjering som gir større interesse for temaet.

Bevisstgjering av likskapane
- Det er viktig å avmystifisere møte med framandkulturelle, forklarar Loveleen Rihel Brenna. No er ho leiar i Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG).
Ho held foredrag og har gjeve ut ”Djulaha - Om å forstå annerledeshet”, ”Mulighetens barn” og no "Sangam! - Integrering og inkludering".

- Det andre poenget i arbeid med framandkulturelle er ei bevisstgjering av likskapane, og fokusere på desse. Då vert ulikskapane handterlege, forklarar Loveleen.

- Eg er svært glad for å møta slike entusiastiske studentar, og vil fokusere på å gje dei reiskapane som dei treng når dei kjem ut i arbeid.


loveleen_ingunn

Loveleen Rihel Brenna og Ingun Klepp


God kontakt med praksisfeltet
- Vi legg vekt på god kontakt med praksisfeltet og dei som utøvar teorien og set stor pris på å få Loveleen på besøk, legg høgskulelektor Ingun Klepp til.
Ho underviser primært i innføring i sosialantropologi, fleirkulturelt arbeid og barnevern, og jobbar no med forskingsprosjektet "Trivsel og integrasjon blant etniske minoritetar i Møre og Romsdal".

- Studentane får inspirasjon og eit vidare perspektiv, noko som er svært viktig i det arbeidet desse studentane vil gjere etter studiet her i Volda, sluttar ho.

www.hivolda.no/barnevern
www.hivolda.no/sosionom

Del på