Historisk institutt held 75-årsmarkering for starten på andre verdskrig

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Temaet for markeringa er den største avdelinga av Hæren i fylket, Møre infanteriregiment nr. 11 (IR 11). Regimentet fekk mobilisere etter forholda nokså normalt på Setnesmoen ved Åndalsnes i dagane etter det tyske strategiske overfallet på Noreg. IR 11 skulle ved mobilisering ordinært kalle inn, utruste og klargjere 1.500 mann for å gå inn i planlagde oppgåver under leiing av det høgare militære nivået, 5. divisjon med standkvarter i Trondheim. Men som ein ofte ser – sjølv den beste plan overlever ikkje det første møtet med fienden, og IR 11 vart nøydd til sjølv både ta i mot og organisere fleire soldatar og løyse til dels kompliserte og farefulle oppdrag etter beste evne i dei tre vekene dramaet gjekk føre seg.

Under markeringa på Høgskulen vil Arnfinn Kjelland fortelje om og reflektere over delar av hendingane i samband med sjølve mobiliseringa og nokre av dei operasjonane førstebataljon og landvernbataljonen deltok i. Desse karane måtte flytte mykje på seg og halde ut harde strabasar i Romsdalen, over Lesja, ved Fåvang, i Kvam, Folldalen og Nåverdalen.

Egil Ulateig gav hausten 2014 ut boka Krigen frå himmelen. Fallskjermangrepet mot Dombås april 1940 (Vigmostad & Bjørke). Han vil fortelje frå andrebataljon sin innsats mot det andre tilfellet av angrep av fallskjermstyrkar som er kjent frå krigshistoria. Dette var Tysklands absolutte elitesoldatar, og dei gav soldatane våre ein brå og brutal elddåp.

Markeringa finn stad torsdag 9. april kl. 19.00 i Store auditorium i Berte Kanutte-huset.

Del på