Internasjonalt forskingssamarbeid

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

6ef475ce623cd3665723a8595416923e

Forskarar frå Høgskulen i Volda utanfor Universitetet i Porto. Frå venstre professor Rune Kvalsund, førstelektor Vidar Myklebust, professor Irene Bele, høgskulelektor Gerd Skjong, professor Jon Olav Myklebust og dr.gradsstipendiat Emmy Langøy.

Bidraga frå Volda-forskarane vart presenterte på eit symposium initiert og administrert av Rune Kvalsund (Høgskulen i Volda) og Ewelina Rydzewska (University of Stratchclyde, Skottland). Forskarar frå England, Skottland, Kypros og Finland leverte også papers til symposiet. Bidraga skal seinare omarbeidast til artiklar og publiserast i eit spesialnummer i eit fagtidsskrift.

Gruppemedlemmer skal i nær framtid også delta  på symposium i Society for Longitudinal and Life Course Studies i Lousanne. Temaet er kvalitative metodar i livsløpsforskinga.

Forskingsgruppa, som i alt har ni medlemmer ved Høgskulen i Volda, har også etablert Forum for livsløpsforsking som dette skuleåret skal skipe til fem opne møte med både eksterne og interne fagfolk som innleiarar. Målgruppa her er kollegaer som er interesserte i livsløp og longitudinell forsking.

Del på