Livsløp, helse og velferd

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Emnet legg vekt på livsløpsteori og korleis denne tilnærminga er relevant for helse-, sosial- og velferdssektoren. Forholdet mellom individ og samfunn er eit sentralt tema, og slik innsikt kan vere grunnleggjande for å forstå og meistre utfordringar i ulike livsfasar.

– Eit berande element i studiet er livsløpsperspektivet. Eit livsløpsperspektiv vil innebere heilskaplege tilnærmingar til helse– og velferdsspørsmål Når ein legg eit slikt perspektiv til grunn, kan det mellom anna medverke til betre livskvalitet, meir rasjonell ressursutnytting, tverrfagleg samarbeid og robuste sosiale miljø, seier professor Jon Olav Myklebust som også har fagleg ansvar for studiet.

ebf741b4ffe413d568ab2273d1568d47

Professor Jon Olav Myklebust og høgskulelektor Gerd Skjong.

Det er tre vekesamlingar i vårsemesteret ( i veke 8, 13 og 19) med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling. Tredje studiesamling (veke 19) er lagt til Spania, der ein ser på korleis dei norske tilpassar seg det gode livet der.

Del på