Lokalt klimaplanprosjekt
Høgskulen samarbeider i desse dagar med Møreforsking Volda, ENØK- senteret, Tussa Kraft og Volda og Ørsta Reinhaldsverk med å utvikla lokale klimaplanar og eit mastergradsstudium i lokal miljø- og klimaplanlegging. 12. mars møttes prosjektgruppa, med Sveinung Dimmen (bilete) som prosjektleiar, for å planleggja kva som skal skje framover i klimaplanprosjektet.
Prosjektgruppa Klimaplan. F.v: Harald Lillebø, ENØK-senteret, Petter Bjørdal, Volda og Ørsta Reinhaldsverk, Per Atle Røe, Tussa, Susanne Moen Ouff, Møreforsking Volda, Nathalie Homlong, HVO, Anders Tønnesen, Møreforsking Volda, Nils Magne Magerøy, HVO, Sveinung Dimmen, HVO |
- Det er naturleg for høgskulen å delta i klimaplanprosjektet, meddeler Dimmen. Han meiner representantane frå høgskulen har svært god kompetanse på planlegginga og gjennomføringsprosessen av eit slikt prosjekt.
Prosjektgruppa sitt arbeid er todelt og dei to delane byggjer på kvarandre:
Første del går ut på å utvikla konseptet for kommunale klimaplanar. Kommunane Hareid, Herøy, Hornindal, Sande, Sula, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta er pilotkommunar i utviklingsprosjektet og vil spela ei nøkkelrolle i arbeidet med å oppfylle nasjonale klimamål.
I tida framover vil kommunale klimaplanar inngå som eit viktig styringsverktøy. Målet med prosessen er i tillegg å engasjere både administrasjonen, politikarane og innbyggjarane i kommunane. Klimaplanane er tenkt ferdigstilte innan utgangen av 2008.
Andre del går ut på å utvikla eit eige vidareutdanningsstudium i lokal klimaplanlegging. Dette vil vera knytt til mastergradsutdanninga i Samfunnsplanlegging og leiing ved høgskulen. Dersom alt går etter planen, startar det nye utdanningstilbodet opp alt i 2009.
Med utgangspunkt i fire utvalde hovudtema knytt til energi, transport, forbruk og avfall, vert det lagt opp til prosessar med fellessamlingar, gruppemøte og folkemøte i klimaplanprosjektet. Første samling, med energibruk og klima som tema, fant stad på høgskulen måndag 10. mars.