Lyd/bilde-undervisning via breiband til kommunane

Tekst: Webmaster Volda

- No blir lyd og bilde overført via breiband til studiesentra i dei ulike kommunane, og studentane kan kommunisere direkte med forelesar i Volda, fortel Nils Magerøy ved Høgskulen i Volda. 

Institutt for planlegging og administrasjon er først ute, og tre av nettstudia ved instituttet er tilpassa undervisning for MiN-studentar. Inge Dyrhol  (Kommunal økonomi),  Klaus Egge  (Forvaltningsarbeid) og Bernt Olav Øvregaard  (Offentleg rett 1) har alle starta undervisninga, med studentar frå Vadsø til Åndalsnes. Desse studentane får dermed eit godt høve til å direkte samtale med faglærar, i tillegg til leksjonar og dialog via internett.

MiN er interessert i fleire av utdanningstilbod ved HVO, og neste tilbod er Mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing, som blir tilbydd med overføring av undervisninga via breiband frå januar 2005.

Del på