Ny bok om barnevernsarbeid frå Anne Marie Verpe

Tekst: Webmaster Volda

Det som gjer boka særleg aktuell, er at det til no har vore skrive få lærebøker i miljøarbeidmed fokus dei yngre barna som barnevernet overtar omsorga for.

Intensjonen i Lov om barnevernstjenester av 1992 er at barn skal vekse opp saman med foreldra sine. Det vert difor nytta hjelpetiltak i heimen i utstrekt grad. Trass i dette, må ein del barn flytte frå foreldra sine og bu i institusjon for kortare eller lengre tid. Forfattarane er opptekne av kva utfordringar dette fører med seg, både for barna og for personalet iomsorgsinstitusjonen. I tillegg kastar boka lys over omsorgsinstitusjonens ideologi, organisatoriske rammer, personalet sin kompetanse, styrken i tverrfagleg samarbeid og gode samarbeidsrutiner. Forfattarane er særskilt opptekne av at det styrker kvaliteten dersom fleire yrkesgrupper arbeider godt saman. Målgrupper for denne boka er difor barnevernspedagog-, sosionom-, vernepleier-, og førskulelærarstudentar. Boka kan og vere nyttig for tilsetet i barnevernsinstitusjonar, for sakshandsamarar i barnevernstenesten og for fosterforeldre.

Forlag:Høyskoleforlaget
Utgitt: 2004-08
Innbinding: Heftet
ISBN:8276346464
Antall sider: 130

Pris: 229 NOK

Del på