Ny bok om internasjonal solidaritet: Skandinavisk hjelpearbeid i ein spansk by i 1937

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Escandinavos en Alcoi. Solidaridad internacional en tiempo de guerra. (Alcoi: ZOE Imatge Arts, 2011) er på over 200 sider i stort format med mange illustrasjonar. Boka fortel om det breie folkelege engasjementet for den spanske republikken med hundretals av lokale komitear i Noreg og Sverige. Det var dette arbeidet som skapte det økonomiske grunnlaget for den humanitære hjelpa. Den kompliserte transporten av personell og sanitetsmateriell frå Skandinavia til Spania blir detaljert framstilt, og dei vel 30 svenske og norske legane og sjukepleiarane får ein grundig presentasjon.

6c81173fe736ca01ca42aafc6bd14940f438d6aa

Jon Olav Myklebust fekk møte den siste gjenlevande av dei som arbeidde ved sjukehuset under borgarkrigen. Pilar Pastor Peidro er no 93 år

Det anti-fascistiske engasjementet – både blant sosialistiske og ikkje-sosialistiske hjelpearbeidarar – blir også diskutert. Her blir det lagt vekt på det problematiske i å drive hjelpearbeid i ein situasjon der motkreftene stadig hadde framgang på slagmarka. Ikkje minst trugande var dei italienske bombeflya som med base på Mallorca terroriserte dei spanske byane på austkysten. Men sjukehuset vart ikkje bomba før etter at dei republikanske styresmaktene hadde tatt over drifta. Før dei drog heim hadde skandinavane behandla vel 1200 såra soldatar og i tillegg gitt medisinsk hjelp til sivilfolket i Alcoi, ein by som den gongen hadde rundt 45 000 innbyggjarar. Pasientane har fått eit eige kapittel i boka. Dei fleste såra soldatane var spanjolar, men forfattarane legg likevel særleg vekt på å få fram historiene til nokre av dei såra norske og svenske frivillige som var innom sjukehuset.

I det første kapitlet – Voces desde Alcoi en 1937 – er det tre av dei norske legane som kjem til orde gjennom utdrag frå samtidige rapportar og dagbøker. Desse personane er blant dei vi også møter igjen i sluttkapitlet der det blir lagt vekt på samanhengen mellom den spanske borgarkrigen og den andre verdskrigen. Mange av nordmennene frå Alcoi fekk då ein ny omgang mot ein variant av den fienden som hadde spreidd død og liding på spansk jord. Under Nürnberg-rettsaka etter verdskrigen vedgjekk for eksempel Herman Göring at Tyskland aktivt brukte Spania som prøvefelt for nye våpen.

Boka byggjer på materiale framskaffa frå arkiv i Noreg, Sverige og Spania. I tillegg har det kome fram mykje nytt stoff som etterkommarane til Alcoi-fararane har tatt vare på. Ikkje minst gjeld dette dei mange fotografia som er gjengitt i boka, bilete som gir eit levande inntrykk av denne krigen som engasjerte så sterkt i mange land.

280540d924c0a2ca577d17e78d7b8fd89f0e1169

På ei tilstelling i Alcoi 6. oktober presenterte Myklebust og Beneito Lloris den nye boka. Det skjedde i den gamle sjukehusbygningen som i dag er ein del av Valencia-universitetet. Fram mot 250 menneske deltok, og dei fekk også vere med på avdukinga av dei nymåla solidaritetsslagorda som i 1937 vart skrivne på veggene i den største salen.

For to år sidan gav Myklebust og Beneito Lloris ut ei noko kortare engelsk utgåve om dette solidaritetsarbeidet: A Hospital for Spain! Scandinavian Solidarity in a Time of Civil War (Alcoi: ZOE Imatge Arts, 2009).

Lenke til Guernica av Picasso.47360fc2f027331d3346cf4f52a978b80a08d870


 


 

Del på