Ny prosjektmedarbeidar ved KEV
Bente Hasle er tilsett som ny prosjektmedarbeidar ved Kontor for etter- og vidareutdanning (KEV).
Bente Hasle har nyleg avslutta sin mastergrad i spesialpedagogikk, og skal arbeide innanfor pasientopplæringsfeltet.
Bente Hasle skal arbeide saman med Ragnhild Vestre i prosjektet GRO, som er knytt til samarbeidet mellom Helse Midt-Norge/Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring (KPI) og Høgskulen i Volda.
- Det ser ut til å ligge eit stort potensiale for HVO i pasientopplæringsfeltet, både når det gjeld forsking, utvikling, studietilbod og kursverksemd, og det er allereie etablert fleire delprosjekt, kommenterer Signe Valsø ved KEV.