Rekordsøking – måtte seie stopp tidleg

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

39bcdd6f74cb7e978028833aeb040b28
                                                                                                                                  Foto: Marius Beck Dahle

29. juni måtte ein stenge masterprogrammet Samfunnsplanlegging og leiing for søking etter at 110 søkarar hadde meldt seg. Det er eit tal ein ikkje har vore nær tidlegare for mastergraden som kan takast på både heil- og deltid.

– Det er openbart at utdanninga må ha eit svært godt omdømme og at dei vi har uteksaminert har mykje å seie for rekrutteringa. Eit godt rykte spreiar seg fort på arbeidsplassar rundt om, seier kontorsjef ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Kjell Einar Dagfinrud.

Av planleggingsutdanningar på masternivå scorar HVO best på Studiebarometeret – ei årleg nasjonal studentundersøking – når det kjem til overordna tilfredshet.

Fått med leiarar

Professor Roar Amdam var med på å starte opp masterutdanninga, som var Høgskulen i Volda (HVO) si første, i 1999. Han har sett ei endring i studentmassen i løpet av desse åra.

– Litt av tenkinga når vi etablerte utdanninga var at planlegging som verktøy er viktig for alle i offentleg sektor. Planlegging handlar om å knyte saman kunnskap og handling i målretta aktivitetar, og det er difor ikkje berre planleggarar i kommunane som driv med planlegging i jobben sin. Vi vender oss til alle i offentleg sektor, ikkje minst leiarane. I tillegg har vi også studentar frå privat sektor, mykje på grunn av at styringssystema i privat og offentleg sektor er ganske like. Vi har fått planleggingsomgrepet til å bli vidare og dette er også noko som leiarane i arbeidslivet ser. Det er eit viktig suksesskriterium for masteren vår.

Her kan du lese meir om alle mastergradutdanningane ved Høgskulen i Volda. 

Stor breidde

Utanom dei som tek utdanninga rett etter ei bachelorgrad, rekrutterer Samfunnsplanlegging og leiing mange studentar som er i arbeid. I det offentlege ramsar Amdam opp helsesektoren, skuleverket, teknisk etat, rådmenn, politiet og NAV som døme på kor studentane som søker kompetanseløft kjem frå.

– Hovudtankegangen for å få til samfunnsutvikling er at alle sektorar må trekke i lag, seier Amdam som er godt nøgd med at stadig fleire leiarar vel utdanninga.

– Du er ingen god leiar utan at du kan planlegging, pleier eg å seie. Det er fordi planlegging gjennomsyrer så mykje i arbeidslivet.

Imponert

Årleg uteksaminerer HVO om lag 15 kandidatar frå Samfunnsplanlegging og leiing. Det er ifølge Amdam på høgde med liknande utdanning ved Universitetet i Bergen, og godt over Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Innlandet som tilbyr noko av det same.

– Vi får tilbakemeldingar frå kollegaer rundt om i landet om at dei er imponert over kandidatproduksjonen vi får til i Volda, seier Amdam.

Han og kollegaane er no i gang med å utvikle utdanninga vidare. Frå neste år håpar dei å kunne tilby ei erfaringsbasert masterutdanning som tel 90 studiepoeng, som skal gå i tillegg til dagens ordning som tel 120 studiepoeng.

Ledige plassar

Sjølv om mastergradsprogrammet i Samfunnsplanlegging og leiing er stengt for søkjing no, er det framleis mogleg å søkje seg inn på enkeltemne som vidareutdanningar, og som kan innpassast i mastergradsprogrammet seinare.

Emne som er opne for søkjing:

I tillegg er også to andre mastergradar ved Avdeling for samfunnsfag og historie framleis opne for søkjing:

Del på