Studentar i planlegging og adminstrasjon studerer maritim næring

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

b85fd9cf9aeb5aa082c3aefcd09eb5120e93872e

Studentane fekk besøke Ulstein Group og Rolls Royce, i tillegg til Shipadmin i Volda. Dei fekk føredrag, omvisingar i produksjon og om bord i farty.

– Det er positiv for studentane å få kjennskap til lokalt næringsliv for å utvikle god innsikt i og forståing for næringslivet si rolle for den regionale utviklinga, seier Homlong.

Også masterstudentane var med saman med professor Roar Amdam og prosjektleiar Bjørn Gunnar Tafjord ved VRI-prosjekta. Ekskursjonen var dekt av VRI-midlar.

– Næringslivet på Sunnmøre er på mange område leiande, spesielt innanfor maritim og marin næring, og innovasjon er heilt avgjerande for dei. Både Ulstein Group og Rolls-Royce nyttar store ressursar på FoU.

– På denne turen fekk studentane god innsikt i behov bedrifter har i sammenband med innovasjon. Studentene fekk også innsikt i utfordringar for regionen knytt til næringsutvikling, forklarar Homlong.

– I tillegg er det positiv med kontakt med potensielle arbeidsgjevarar. Både for dei som kan starte i desse verksemdene, men også for studentane som no arbeidar eller kjem til å arbeide i offentleg sektor. Dei treng innsikt i kva behova til desse verksemdene er.

7535ad844247c3640eb26fae04f318b85a496dc5

Underleverandørar i klyngja

Shipadmin er ei verksemd som leverer til dei store verfta og reiarlaga. Rundt dei store verksemdene er der ein underskog av underleverandørar som kompletterer den maritime klyngja. Desse er svært viktige med sin spisskompetanse og skreddarsydde løysingar, fortalde dagleg leiar Per Magnus Grøsvik i Shipadmin.

Del på