Tingretten samarbeider med Høgskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

─ Eg ville helst til Tingretten. Eg tek Planlegging og administrasjon, og her har vi e1e99fdeb96143bcd0ed049e7aa49c62statsvitskap. Domstolane er ein del av dette, og det er fint å sjå korleis systemet fungerer i praksis, seier Torbjørnson.

Ressurs for rettskretsen Ho er òg oppteken av utviklinga i regionen. Når ho er ferdig med praksisen skal ho skrive oppgåve om Tingretten og dei varsla strukturendringane.

─ Folk reagerer sterkt på faren for nedlegging av Tingretten. Det er verdifullt for meg så sjå korleis det fungerer, og eg kunne godt tenke meg å jobbe her, seier Sigrid Torbjørnson.

─ Det er første gong vi har eit samarbeid med Høgskulen. Tidlegare har eg hatt foredrag om domstolane sin plass i samfunnet og om rettstryggleik. Eg synest det er veldig kjekt at vi kan vere ein ressurs for rettskretsen, seier sorenskrivar Elisabeth Wiik.

Tekst og foto: Heidi Sporstøl, Avisa Møre

Del på