Underviser moldovarar i demokrati frå Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

f6c78ecc9309a105f2d2dc17fd320676

Ciobanu Andresen er sjølv frå Moldova og kom til Volda som student i 2008. Ho hugsar godt den dagen i 1991 då heimlandet vart fri frå Sovjetunionen og kunne kalle seg sjølvstendige. Det var ein dag fylt av glede, men samstundes opplevde folk i Moldova at mykje hang igjen frå det gamle kommunistiske styresettet. Dei første åra etter lausrivinga hadde befolkninga tilgang til straum berre to timar i døgnet.

Forholda i heimlandet har betra seg sidan den tida, ifølgje Ciobanu Andresen, men framleis er det mykje som kan forbetrast i eit av dei fattigaste landa i Europa. Den politiske leiinga er delt i to, der den eine delen sympatiserer austover og den andre vestover.

Vanskeleg å forstå forholda i Norge

Før Ciobanu Andresen kom til Norge, tok ho ein mastergrad i spesialpedagogikk ved Aleco Russo Balti  State University i Moldova. Frå Høgskulen i Volda (HVO) har ho fått med seg ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing, som ho avslutta i 2014. No nyttar ho kunnskapen sin til å forelese for hovudsakeleg tidlegare studentar i Moldova som no er ute i arbeid som til dømes lærarar, advokatar og økonomar. I mars og april har ho hatt fire forelesingar frå HVO på nett til universitetet ho sjølv studerte ved i heimlandet. Temaet har vore leiarskap og management.

– Dei er vant til ein meir autoritær leiarstil enn her, det heng igjen frå sovjetperioden. Dei ønskjer meir demokrati og set pris på å høyre om korleis det fungerer i Norge. Eg nyttar døme herifrå og fortel om samarbeidet mellom leiarar og dei andre tilsette. Korleis ein tenker innovasjon i ei bedrift i Norge, der dei tilsette sine erfaringar kan vege tungt. Det er litt vanskeleg for dei å forstå korleis det egalitære systemet fungerer. I sin jobb har dei ofte ikkje kontakt med leiaren sin og kan vere redd for han, fortel Ciobanu Andresen.          

Etterspurd

I Moldova er det slik at dei som har teke ein grad i høgare utdanning får kome tilbake til institusjonen for «oppfriskingskurs», gjerne anten tre eller fem år etter dei var ferdig med utdanninga. Ciobanu Andresens forelesingar har vore ein del av denne ordninga, gjennom at ho er engasjert av HVO og har fått støtte frå Institutt for planlegging, administrasjon, og skuleretta samfunnsfag (IPAS) og IT-avdelinga ved HVO. Universitetet i Moldova visste om hennar kvaliteter, og ønskte ho heim for å forelese. Men med mann og to barn i Ålesund, var det enklare og ta det over nett frå Volda.

– Eg har brukt både film- og lydinnslag for å ikkje gjere heile forelesinga så teoretisk. Dei som har vore med i Moldova har sett stor pris på dette og er veldig interessert i korleis vi har det i Norge. I dei korte pausane vi har hatt, har dei stilt mange spørsmål, og har undra seg over at ein så liten plass som Volda har ein høgskule. Men etter å tenkt seg litt om syntest dei det høyrdes både lurt og kjekt ut.

Tek samfunnsansvar

Planen var at ho skulle forelese om tre tema, men dei var så nøgd med leiarskap og management at alle forelesingane hennar har handla om det. Difor står dett att å sjå om dei to siste temaa, kommunikasjon og organisasjon og kultur, kjem seinare.

– Vi er glad for at vi har fått i stand dette. Høgskulen har eit samfunnsvar som seier at vi skal formidle kunnskap. Difor er det nyttig for oss å kunne formidle kunnskap om demokrati til menneskjer i eit land der demokratiet ikkje er så godt utvikla. I tillegg er det utviklingsarbeid for oss, der vi skal skrive rapport i etterkant av dette og lære av opplegget. Så er det jo også ein måte å betale tilbake på for oss. Høgskulen rekrutterer så mange flinke utanlandske studentar, og no gir vi litt tilbake til universitetet i Moldova for at vi får ha Lia her, seier Grethe Mattland Olsen, førstelektor ved HVO.

Aktuelt for næringslivet

Ho trur dette kan vidareførast og utviklast til å bli eit kurs som HVO kan tilby til bedrifter med austeuropeisk arbeidskraft her i landet. Ciobanu Andresens fordel er at ho kan halde desse forelesingane på rumensk, russisk og engelsk.

– Det er ein stor austeuropeisk arbeidsstyrke i Norge som dette kurset kan passe for. Eg veit mellom anna at i skipsindustrien her i regionen oppfører austeuropeiske arbeidarar seg annleis enn nordmenn. Mens nordmennene tar litt meir initiativ sjølve, ventar austeuropearane på at sjefen deira skal fortelje dei kva dei skal gjere. Det er ikkje det at dei ikkje vil arbeide, men det er slik dei er vant til å ha det frå heimlandet sitt. Difor vil slik undervisning som Lia no har hatt, vere veldig aktuell for mange utanlandske arbeidarar her til lands, meiner Mattland Olsen.

pressefoto

Lia Ciobanu Andresen

Del på