Vidareutdanning i leiing – inspirasjon og fagleg høg standard

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Etter å ha arbeidd mange år som lærar i Sykkylven kommune, fekk eg skuleåret 2006/2007 eit vikariat som rektor ved ein barneskule i kommunen. Dette året gav meirsmak, men samtidig hadde eg behov for å vite meir om det å leie. Sjølv om ein som lærar leier elevar, så er det likevel annleis å leie eit personale. Som rektor i ein kommune der det har vore omorganisering, følte eg og at eg måtte vite meir om bakgrunnen for endringar, seier Randi Løseth. Ho startar i ny jobb til hausten som ass. rektor ved Sykkylven ungdomsskule og vaksenopplæring

Ivar Rød er ass. rektor ved Romsdal videregående skole med over 900 elevar og 200 tilsette. Han har arbeidserfaring frå Forsvaret, Statens utdanningskontor og utdanningsavdelinga til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og var ferdig utdanna adjunkt ved Høgskulen i 1989. Sidan har teke nettbaserte studium innan IKT for lærarar, Forvaltningsarbeid og Offentleg rett. Vidareutdanning i leiing tek han som ein del av Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing.

- Vidareutdanninga har gjeve meg god teoretisk innsikt i kva det vil seie å vere leiar. Det gjev kunnskap om ulike leiarteoriar, noko som gjer at eg kan sjå organisasjonen min i eit større perspektiv, seier Ivar Rød.

Ivar  Randi_300

Ivar Rød og Randi Løseth er samde om at vidareutdanninga vil vere nyttig i leiarstillingane dei har. (Foto: Privat)

Sjå nye moglegheiter

Studentane skal gjennom studiet utvikle kompetanse til å analysere og forstå utviklingstrekk og utfordringar i offentleg sektor, og få kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for offentleg organisering og leiing. Ein viktig del av læringa er åkritisk vurdere ulike modellar og oppskrifter.

- Studiet er svært motiverande, men inn i mellom vert eg utfordra til å utvide horisontane mine i høve til kor stor relevans det har i høve den jobben eg gjer til dagleg. Korleis kan regional utvikling gjennom maritime klynger på ytre Sunnmøre ha relevans for ein assisterande rektor på ein stor skule i Molde? Umiddelbart er det nok ikkje så lett å sjå samanhengane, men ved Romsdal videregående skole har vi eit utvida samarbeid med regionalt næringsliv. Vi får mykje nytt og brukt utstyr som elevar og lærarar kan bruke i undervisinga. Det handlar altså om å sjå moglegheiter, akkurat slik dei gjer i dei maritime klyngene. Dette har studiet vore med å gjere meg bevisst på, fortel Ivar Rød.

Fleksibel organisering

Studiet er spesielt eigna for leiarar av resultateiningar, avdelingar og topp- og mellomleiarar i kommunar, fylkeskommunar og stat, men også for dei med mindre leiarerfaring, men som ønskjer å søkje slike stillingar. Undervisninga i kvart emne er organisert i samlingar med nettstøtte. Det er lagt stor vekt på å kombinere forelesingar med seminar oggruppearbeid, og mellom samlingane er det arbeidsoppgåver som inngår i evalueringa.

- Hausten 2007 tok eg Leiing og personalutvikling og våren 2008 Offentleg organisering og leiing. Desse emna er organisert med 3 samlingar a 4 dagar over eitt semester, noko som fint kan kombinerast med både pendling og arbeid. Eg søkte om kompetansemidlar av kommunen og fekk det, seier Randi Løseth.

Nyttige og inspirerande samlingar

- Å være student samtidig som ein er i full jobb kan til tider vere strevsamt. Eksamenstida og oppgåveinnleveringar er diverre lagt til den tida det er som mest hektisk i min jobb. Dersom ein planlegg godt og disponerar tida rett, så går det som regel bra. Samlingane i Volda er særs nyttige, både for å få den rette studentkjensla, men også for å ha moglegheit til å ta del på forelesingar og å drøfte pensum og oppgåver med andre studentar over ein kopp kaffi i kantina. Forelesarane er av fagleg høg standard og bringer dimensjonar inn i lærestoffet, gjerne ut over pensumlitteraturen, fortel Ivar Rød.

- Noko av poenget for meg var å vere på tilstades på samlingane, fordi førelesningane er gode og inspirerande. For meg som arbeider i offentleg sektor er problemstillingane som blir tekne opp dagsaktuelle. Det har og vore eit svært godt studentmiljø, med studentar motiverte for læring og utvikling. Dei fleste har ein del år med arbeidserfaring bak seg, og kanskje er utbyttet større då? seier Randi Løseth.

Fordjuping i skuleleiing eller leiing i helse og sosialtenesta

Studiet er satt saman av to obligatoriske emne og eit valfritt emne, der ein kan velje fordjuping innan Skuleleiing eller Leiing i helse- og sosialtenesta. Vidareutdanninga kan fullt ut innpassast i Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing, og du bestemmer sjølv om du vil studere på fulltid eller deltid.

- Frå hausten tek eg til i ny leiarjobb, og er glad for å ha dette året som ei plattform. Eg planlegg å ta Skuleleiing eller Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing, seier Randi Løseth.

- Leiing er eit aktuelt fag uansett kva for bedrift det er snakk om. I skulen er dette kanskje ikkje teke nok på alvor. Rektor skal vere både administrativ og pedagogisk leiar. Dette kan by på utfordringar. Samfunnet rundt skulen krev kvalitet, og ein skuleleiar kjem lett i skvis mellom krav og ønskje innanfrå og dei offentlege myndigheitene utanfrå. Eg har ikkje angra på at eg valde å søkje mastergradsstudiet. Akkurat no er det lenge til eg er ferdig, men åra går fort og plutseleg ein dag står eg med graden i handa. Kva skal eg fylle dagane med då?, avsluttar Ivar Rød

I studieplanen finn du meir informasjon om Vidareutdanning i leiing og Mastergrad i samfunsplanlegging og leiing

Del på