Filmfolk til fjells

Tekst: Terese Balsnes , Foto: Dag Svein Roland 

- Oppdatert

– Av og til må eg leggje kamera bort. Og berre nyte det. Det er sjeldan så vakkert som i verkelegheita.

Slik skildrar Silje Slålien Thoen møtet med naturen i ein film ho har laga saman med Kjell
Thomas Pilskog og Ieva Pranckunaite i emnet Outdoor Media Production.
– Eg likar kombinasjonen av natur og filming, og høvet til å vere på tur og dokumentere, seier Silje om kvifor ho valde dette emnet som ein del av sin bachelor i Media, IKT og design.

Ieva kom frå Litauen til Volda i august og var på utveksling her til desember.
– Eg valde emnet fordi eg ville bli betre kjend med Noreg, og forbetre mine ferdigheiter innanfor film og foto. Eg tar mykje bilde i Volda. Naturen er inspirerande og vakker og forandrar seg kvar dag, seier Ieva.

Filmfolk til fjells

TRE PERSPEKTIV PÅ FRILUFTSLIV

Første oppgåve i emnet var å lage ein to minutt lang film om deira forskjellige perspektiv på friluftsliv.
– Vi hadde alle kvar vår idé frå starten, og kombinerte dei i filmen. Vi bestemte oss tidleg for at vi ikkje ville at dei tre historiene skulle vere heilt separate. I staden valde vi å klippe dei saman, seier Ieva.

Dei har alle forskjellige forhold til naturen og det å vere på fjelltur.
– Eg har vore mykje i naturen sidan eg var lita, og set meir og meir pris på den etter kvart som eg blir eldre, seier Silje.
– For min del er det viktig å nå toppen. Turen er ikkje komplett utan, seier Kjell.

I Litauen har dei derimot ikkje fjell, og Ieva hadde aldri vore på fjelltur før ho kom til Volda.
– Å gå i fjellet er ei heilt ny oppleving for meg. Først er det slitsamt og utmattande, men så byrjar ein å sjå ting ein ikkje har lagt merke til før. Som små fossar og blåbær. Når ein ser toppen av fjellet, byrjar ein å setje pris på turen dit, fordi ein ser kva ein prøver å oppnå.

UNIKT EMNE

Studentane har filma på Melshornet, som ruvar 807 meter over havet på kommunegrensa
mellom Volda og Ørsta, ved Rotevatnet ovanfor Volda sentrum og ved turistforeiningshytta
Standalhytta, med lett tilgang til Sunnmørsalpane.
– Vi lærer om korleis vi jobbar med film utandørs, og vi får kunnskap om kva ein må vere førebudd på når ein arbeider med denne typen produksjonar. Det er noko vi kan bruke i jobb seinare, men også på fritida. Det er eit veldig unikt emne som ein ikkje finn tilsvarande til mange stader. Eg trur også at utandørsproduksjonar blir meir og meir viktige framover, seier Silje.

Filmfolk til fjells

UTAN STRAUM

I emnet er dei på tre samlingar over fleire dagar. Klassen reiser saman, og så planlegg gruppene sine eigne utflukter.
– Vi må planleggje turane sjølve og sørgje for at vi har alt vi treng. Men vi kan heller ikkje ta med alt av utstyr, for vi må klare å bere det med oss. Sist var vi på Patchelhytta, utan elektrisitet. Då måtte vi planleggje godt og passe på at vi hadde nok straum, seier Silje.

Studentar frå bachelorprogram i Media, IKT og design, Friluftsliv, og PR, kommunikasjon og media tar emnet dette semesteret. I tillegg er det fleire utvekslingsstudentar,
slik som Ieva.
– Dette er det første prosjektet eg har hatt med norske studentar, så det har vore ein fin
sjanse for meg til å bli kjend med nordmenn og korleis dei jobbar, seier Ieva.

Del på