Filmskaparens Narnia-historie
Etter å ha vore utanbygdes og prøvd både student- og yrekslivet, fann Atle Vasbotn Remmereit studiet og miljøet som kompletterte han som filmskapar i Volda. I dag driv han sitt eige filmselskap i heimbygda.
Etter å ha vore utanbygdes og prøvd både student- og yrekslivet, fann Atle Vasbotn Remmereit studiet og miljøet som kompletterte han som filmskapar i Volda. I dag driv han sitt eige filmselskap i heimbygda.
Atle Vasbotn Remmereit unnskyldar seg når han kjem nokre minutt for seint til intervjuavtala – møtet med ein kunde varte litt lenger enn han trudde. Godt framoverbøygd ved et bord i kantina på Høgskulen i Volda startar 26-åringen engasjert å leggje ut om ei livshistorie som gjer at han i dag lever av å lage film. Men verken film eller media var det som kom opp da han tok ulike testar for å finne ut kva retning han skulle velje på vidaregåande skule.
– Testane sa helsefag og vennane mine sa musikk eller media. Eg tenkte ikkje at eg ville jobbe med media eller film, så eg enda opp med allmennfag. I løpet av vidaregåande heldt testane fram med å seie at eg var best egna til å arbeide i helsevesenet. Da begynte eg å grunne på om eg skulle verte lege, psykolog eller sjukepleiar, men så vart eg kalla inn i Garden, fortel Remmereit.
Inspirert av seriar etter «nei» frå kongen
Opplevinga han fekk i Forsvaret skulle vise seg å bli inngangen til interessa for filmyrket – men ikkje på grunn av Kongens undersåtter i grøne klede, heller tvert om. Første dag i Garden vart Atle sendt heim igjen. Legen såg i journalen at den musikkinteresserte voldingen hadde hatt ryggplager og ga ikkje etter til tross for at Atle ga uttrykk for at han hadde lyst til å spele i kong Haralds musikkorps og ikkje ville heim igjen.
Heime i Volda igjen dukka tanken om å verte politi opp. Ein lærar på politihøgskulen hadde tatt inn den amerikanske kriminalserien The Wire i undervisninga. Det fekk Atle med seg og kjøpte første sesong av serien. Kort tid etter hadde han sesong to og tre i dvd-spelaren også.
– Eg vart så fascinert av serien. Det skjedde noko med meg der, altså. Eg starta å lese om kamerabruk i film og vart interessert i korleis dei fekk musikken til å vere så ekte i rommet. Eg vart rett og slett hekta på korleis dei klarte å lage slike seriar. Og når eg vert så besett av noko som eg vart da, er det vanskeleg å berre legge det frå seg.
Skaparlyst av dryg musikal
Difor vart polititankane lagt på hylla, og Atle bestemde seg for å studere film- og tv-produksjon i Trondheim. I trønderhovudstaden arbeidde han som filmassistent ei stund etter to års skulegang. Med mykje familie i USA nytta han høve til eit lite avbrekk. Der skulle skaparane bak hans favoritt gjennom mange år, den satiriske animasjonskomedie-serien South Park, gi Atle lyst til å skape noko på eige hand. I New York såg han musikalen The Book of Mormon, som er skrive av dei same som laga South Park.
– Karakterane i South Park er ein del av livet mitt. Og den musikalen var så sjukt mykje drygare enn South Park. Eg heldt på å le meg i hel. Det var nesten som ein religiøs openberring for meg. På flyet heim frå USA starta eg å skrive ned merkelege idear til filmmanus. Eg tenkte «no må eg berre lage noko».
Volda opna seg på ein ny måte
Det vart etter kvart til Gløs over Volda, ein serie med korte filmar der Atle i lag med fleire spelar karakterar som dei har fått inspirasjon til frå Volda-samfunnet.Ein suksess gjennom fleire år som ligg på Youtube. Satsinga vart også inngangsportalen for Atle inn til Volda igjen. Hausten 2012 søkte han seg inn på bachelorporgrammet Media, IKT og design (MID) ved Høgskulen i Volda. Det vart til ei historie som så langt er skrive med gullbokstavar og som framleis held fram for 26-åringen.
– Eg ønskte å ta meir utdanning, men ville ikkje spesialisere meg for mykje og verte enten regissør eller lydmann. Eg ville ha heile pakken og da passa MID fint. Eg fekk innsikt i mykje rundt produksjon og utvikling, og vite kva kvar enkelt i ein produksjon har behov for i arbeidet sitt. Det var fleire foto- og film-fag som var svært gode, seier Atle, før han held fram:
– Då eg kom tilbake til Volda for å begynne å studere var det som ei Narnia-historie. Eg lurte på om det skjedde noko i bygda, og det fekk eg verkeleg erfare at det gjorde. Det skjer så mykje på og rundt høgskulen, i studentmiljøet og lokalsamfunnet. Eg opplever at det er betre dynamikk mellom studentmiljøet og lokalsamfunnet, enn det eg tidlegare hadde ei oppfatning om. No hoppa jo eg framleis litt mellom dei to miljøa, så kanskje det er litt difor.
Spennande tider med ny bedrift
Han starta eigen filmbedrift som han heldt liv ved sidan av studiane. Men like mykje lærdom fekk han av frivillig arbeid i studentorganisasjonar. Teknisk arbeid på Studenthuset Rokken, redaktør for Student-TV, medieansvarleg for ekstremsportfestivalen X2 og aktiv i Vekerevyen og Røde Kors er noko av det Atle har vore og framleis er med på.
– Eg har fått mange nye gode vener gjennom det. Der vart eg også kjent med studentar frå andre medie-linjer ved høgskulen som eg har laga mykje film og anna saman med.
No er han i ferd med å skrive eit nytt kapittel i Volda-historia si. Nyleg starta han opp filmproduksjonsselskapet Oclin AS ilag med ein annan tidlegare MID-student, Chris-Håvard Berge, som dei siste par åra har jobba med produksjon av livesendingar i VGTV.
Atle har kontor i Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda, medan Chris-Håvard for det meste held til i Oslo. Dei ser for seg å arbeide med oppdragsfilm for kundar, noko Atle har brei erfaring med frå før. Han har mellom anna laga fleire filmar og hatt eit tett samarbeid med verftskjempa Ulstein. I tillegg vil duoen lage livesendingar, eventproduksjonar og streaming.
– Vi passar godt saman. Chris-Håvard er den mest tekniske av oss, medan eg tek meg meir av sjølve historieforteljinga i filmane. Vi har skaffa oss kvar våre nettverk, og folk to kontakt med oss rett etter at det vart klart at vi skulle starte opp Oclin. Det vert ei spennande tid framover, men vi har begge ei genuin interesse for dette og derfor satsar vi, seier Atle.