Eitt år med fordjuping friluftsliv, blant fjord og fjell!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Foto og tekst: studentar på friluftsliv fordjuping, Svein- Ivar Moltu og Per-Jonas Bakke.

– Eg kan ikkje tenkje meg å ha ein stillesittande, monoton jobb. I tillegg likar eg å jobbe med folk. Vegen vidare rettar seg inn mot rehabilitering av psykisk sjuke eller vanskelegstilte i samfunnet. Det er ei god kjensle at ein utdannar seg til noko som gir meining, både for ein sjølv og samfunnet, seier Per-Jonas Bakke.

481b8fcdfdcda53459567247e47644b14f342730

Per Jonas isklatrar på brekurset


– Eg tenkjer hovudsakleg å jobbe som idretts- og friluftslivslærar, gjerne på ein folkehøgskule. På sikt kan eg tenkje meg å ta mastergrad i friluftsliv. Eg fann meg fort til rette på friluftsliv. Ein blir raskt kjent med andre på studiet, og i tillegg er lærarane veldig dyktige, med solid erfaring. Etter eit år med friluftsliv fordjupning sit eg igjen med mykje. Vurderer du friluftsliv, så kan eg ikkje tenke meg ein meir naturleg plass enn Volda, fortel Svein- Ivar Moltu.

46c04e62b744d6837e00754d535a74f1a7589a25

Svein-Ivar kosar seg med surfing på Stad, rett i nærleiken av Volda.

Friluftsliv fordjuping
Skredkurs på vidarekommande nivå. Brekurs på blåis, samt brekurs på snølagt bre for vidarekommande. I tillegg til segltokt og kurs i tindefriluftsliv. Alt med Nortindsertifiserte vegleiarar som mentorar.

For meir informasjon, sjå studiekatalogen

33f13643ada36ed3131a87409e4c1c28624b0e79

Volda er eit skieldorado, her er Svein-Ivar på vei ned frå Skårasalen 9.oktober 2009.

Volda
Ein skal leite lenge etter stadar i Noreg med betre rammevilkår for friluftsliv. Med umiddelbar nærleik til fjord, tind og likesinna, gjorde det valet lett for oss. Om ein vil ha ein jobb ein brenn for i 30-40 år, tufta på ei friluftslivinteresse, er utdanninga her i Volda i toppsjiktet. Ein lærer ikkje berre på skulebenken – men også på fritida, med kameratar og venninner for livet.

5fda6dbed3fa4cb9c1c29679a3090dcaaf8ac826

Nærmiljøprosjekt i lærarskuleskogen.

For meir informasjon om idrett og friluftsliv, føl lenkja:www.hivolda.no/idrett

Del på