Eksamensplan vår 2009

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den enkelte student har sjølv ansvar for å sjekke datoane for dei emna ein er oppmelde til. Dette gjeld både ordinære og nye/utsette eksamenar.

Romplassering til skriftlege eksamenar vert kunngjort i Studentweb når det nærmar seg eksamensperioden.

Kvifor er eksamensplanen klar fyst no?

Ved HVO har ein valgt å vere fleksibel i høve til valfridom i emnevala over "avdelingsgrensene", noko ein trur kjem studentane til gode. Dette inneber at vi må ha opplysningane om den enkelte sine emnevalg før vi legg eksamensplanen. Sidan frist for registrering er 15.1. for vårsemesteret og 1.9. for haustsemesteret, blir eksamensplanen lagt og datoane publisert i etterkant av desse datoane. I planlegginga tar vi då, i tråd med gjeldande reglar, omsyn til at den enkelte ikkje skal få kollisjonar mellom dei emna ho/han har meldt seg til.


Meir informasjon om eksamen finn du under "Studentsørvis" og "Eksamen". Har du spørsmål om eksamensdatoane eller anna som gjeld eksamen, kan du også ta kontakt med Sørvistorget i Berte Kanutte - huset på tlf 70075018 eller e-post sorvistorget@hivolda.no



Del på