Estetiske fag styrkjer den generelle læringseffekten

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

9986a5327812dff0c9f576a2382333fc51aa010b

– Mange forskarar har gjennomført forsøk som viser at god musikkopplæring styrker læringa av andre fag i skulen, men her i Noreg har ein valt å tone ned desse forskingsresultata. Her heime har vi høyrt mykje om at det er viktig å styrke opplæringa i matematikk og språkfag, det har vore lagt langt mindre vekt på kreative fag, og kanskje også på kreative innlæringsformer.

– Den gode musikklæraren. Den gode musikklæraren er den som reddar dagen for mange unge i norsk skule. I ein kvardag fylt av teoretiske fag med tilhøyrande prøving og testing, er musikkfaget eit lyspunkt. Her får elevane utvikle dugleikar og vere med i eit samspel og eit fellesskap dei berre har drøymt om. For mange har drøymt om det. Å få stå på ei scene og spele i eit band saman med gode vener har vore draumen på mangt eit barnerom.

– I plan for ny lærarutdanning som nyleg er komen, er alle dei estetiske faga framleis frivillige. Norske lærarar kan altså framleis kvalifiserast til undervisning i grunnskulen utan å ha hatt ein einaste time i kunst og handverk, heimkunnskap, kroppsøving eller musikk. Er dette forsvarleg? Bør vi ikkje no lytte til dei som har dei gode skuleresultata og verkeleg finne ut av kva dei gjer?

Les heile kronikken til Henny Koppen ved seksjon for musikk på smp.no: Musikklæraren

Del på