Fagdag: Slik blir musikk til terapi
Førstkommande fredag har institutt for sosialfag og musikkseksjonen på HVO gleda av å invitere til gratis fagdag: Slik blir musikk til terapi. Song og musikk kan hjelpe personar med demens å hente fram minne og ord, sjølv om språket og hukommelsen er svekka.
Ingrid Sløgedal er utdanna musikkterapeut frå Østlandets musikkonservatorium og lærar og musikkterapeut ved Tonheim folkehøgskole. Ho har vore tilknytt Norges musikkhøgskole og har drive med utredning og rehabilitering av eldre med mental svikt ved Diakonhjemmets sjukehus.
Sløgedal har arbeidd med rettleiing for tilsette i omsorgstenestene og har teke del i eit musikkprosjekt til personar med demens. Ho har sunge og spelt saman med pasientar, pårørande og fagfolk i fleire år, og vart i 2009 heidra med demensprisen av Nasjonalforeningen for folkehelsen.
Tid og stad
Fredag 22.mars 2013
Kl. 09:15 – 14:15
Høgskulen i Volda, Strøm 244