Frå ide til produkt på 24 timar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Presentasjonane blei vurdert av ein jury beståande av rektor ved Høgskulen, Per Halse, dagleg leiar ved Mylna i Volda, Elias Mo, og studentrepresentant Margrete Holøyen. Bidraga blei vurdert etter kreativitet, om forslaga var moglege å gjennomføre, presentasjon og samsvar mellom oppdrag og produkt. Alle gruppene fekk gode tilbakemeldingar, men det var berre ei gruppe som kunne vinne.

Kan bli realisert
Vinnaren blei ei studentgruppe som fekk i oppdrag frå Ivar Aasen-tunet å kome med forslag om å utvikle eit produkt av trevirket etter Storebjørka i Aasen-tunet. Gruppa laga ein nøkkelring av tre forma som ei opa bok med eit Aasen-sitat frå diktet Gamle Grendi. I tillegg hadde dei laga ei gåveøskje.


– Det var veldig kjekt at vår gruppe vann. Vi tykkjer dei var kreative og flinke og har fått til eit spennande produkt på kort tid. Vi skal absolutt vurdere om dette kan vere eit produkt vi lagar frå Storebjørka, fortel tunvert Ingrid Opedal.

36779a1b1fe53133a96358996277a78c55ea807b
GLADE VINNARAR.
Ideen om å lage ein nøkkelring forma som ei opa bok, blei lønna med førsteplass og 1500 kroner. (Foto: Bjørn Tafjord, Høgskulen i Volda)

Einaste i Noreg
– Gründercamp er eit undervisingsprogram for ungdomsskulen og som dei einaste i Noreg får lærarstudentane frå Høgskulen i Volda vere med på eit slikt program der dei sjølve får prøve seg, fortel Bjørn Gunnar Tafjord, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Han legg til at studentane tileignar seg viktig kunnskap om yrkeslivet og bedrifter på denne måten.
 – I tillegg får dei innblikk i korleis ein kan nytte arbeidslivet som ein læringsressurs i skulen, utdjupar han.

Viktig læring
– For at dei komande lærarane skal få best mogleg kunnskap om ulike yrke og utdanningshøve, samstundes som dei gjennom denne typen opplegg får trening i det å vere kreative og nyskapande, er det viktig at dei sjølve får prøve seg, fortel Tafjord.

Samarbeid mellom næringsliv og Høgskulen
Det er samarbeidet mellom Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal, lærarutdanninga og Entreprenørskapsgruppa ved Høgskulen i Volda som har gjort undervisingsprogrammet Gründercamp mogleg.
– Tiltaket gir oss også høve til å utvikle samarbeidet med regionalt næringsliv, seier Tafjord.

Bedriftene og oppdraga
• Vik Ørsta - Give away og slogan
• Ivar Aasen-tunet - Lag/utvikle eit produkt av trevirket etter Storebjørka
• Sunnmøre Kulturnæringshage og StudiebygA - Betre integrering av studentar
• Sparebanken Møre - Korleis skal Sparebanken Møre bli meir ”synlege” i Volda?
• Grunnskulelærarutdanninga ved HVO - Rekruttering av studentar
• Volda Ørsta Reinhaldsverk - Informasjonsplan/opplegg
• Fru Svendsen Kunst og Kulturkafe - Marknadsføring/profilering av fru Svendsen retta mot studentar
• Scana Volda - Presentasjon av Scana Volda

d972e3bf3afb383ac448b66c6bd95e2e898bc85a
NØKKELRING MED DIKT. På nøkkelringen står det skrive ei strofe frå diktet Gamle Grendi av Ivar Aasen. (Foto: Janne Heggvoll, Høgskulen i Volda)

36d29c751ce7af4735158ec46616d68dfa431473
JURYEN FØLGER MED. Alle presentasjonane og forslaga blei nøye vurdert av juryen. (Foto: Birgitte Bøen, Høgskulen i Volda)

Del på