Nytt om Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen (Dokfilm) 2011 vil dele ut to prisar der berre norske bidrag kan vinne. Dette vil vere ”Beste dokumentarfilm” og ”Beste studentproduksjon”. Alle filmar som vert sett opp i programmet er med i konkurransen, ein kjem ikkje til å nominere filmar på førehand. I tillegg vil ein dele ut publikumspris der både internasjonale og nasjonale bidrag kan vinne.

Engasjerte studentar
Planlegging av festivalen og innsending av filmar er allereie godt i gang. Hanna Haug Røset, leiar for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen håper at studentane i Volda vil vere like engasjert i festivalen slik som tidligare år.

– For at festivalen skal gå rundt er vi avhengige av at studentane stiller opp, og vi har berre gode erfaringar med dei frivillige. Studentane er positive og vil gjerne hjelpe til, og det betyr mykje for oss som er i styret. Lurer du på noko, ikkje vær redd for å ta kontakt. Skriv ein e-post: leiar@dokfilm.no eller kom innom kontoret vårt på Berte Kanutte-huset, oppmodar den engasjerte dokfilm-leiaren.

Filmane vert  synt på to ulike vinsningsstader- Volda Filmteater på Samfunnshuset og på Studenthuset Rokken. Det vil òg bli Pitcheforum og Doksnakk – foredrag om ulike tema vi trur og vonar er interessant for bransjen.


Hald deg oppdatert på www.dokfilm.no og følg siste nytt på Facebook-sida

4eb4d61fe6aa2566a809522a26b75d20bd7ede3f

Styret til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2011 (Foto: Lars Brock Nilsen).

Bak frå venstre: Synnøve Horvei (bookingansvarleg), Elisabeth Skovly (økonomiansvarleg, Eivind Lauritsen (sponseransvarleg), Magnus Jacobsen (nestleiar), Hanna Haug Røset (leiar), Henrik Bergsjø (tekniskansvarleg), Maren Aas Nakken (PR-og informasjonsansvarleg). Midten: Simen Hagen (redaktør) Framme frå venstre: Steffen Pedersen Øberg (grafiskansvarleg), Kristin Sævig (bookingansvarleg), Emilie Hald Torp (sosialansvarleg), Kaja Kirkerud (sosialansvarleg).


Del på