Skal du studere til hausten?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Alle som fyller opptakskrava kan søkje studium med ledige plassar, og søknadene vert handsama etter kvart som dei kjem inn til Opptakskontoret og heilt fram til studiet er fullt. Høgskulen skil mellom studium i lokalt- og Samordna opptak.

Du finn førebels liste over dei ledige studietilboda her.

Lokalt opptak
Søkjarar kan søke studieplass direkte i det lokale opptaket ved å registrere seg og legge inn søknadsønskje gjennom Søknadsweb. Du finn oppdatert liste med tilbod på www.hivolda.no/studietilbod.

Samordna opptak
På det nasjonale Restetorget finn du studium som etter hovudopptaket har ledige plassar utan ventelister. Dette er studium som går gjennom Samordna opptak (bachelorgrader og årsstudium  ved HVO). Du finn meir informasjon om det nasjonale restetorget på Samordna opptak sine sider.

– Restetorget opna måndag 20. juli kl. 09.00. Her er det "første mann til mølla" som gjeld og interesserte bør ikkje vente med å søkje studieplass. Vi får inn søknadar kvar dag og tek inn nye studentar fortløpande. Nokre av studietilboda som ligg ute er i ferd med å fylle seg opp, fortel opptaksansvarleg Ragne Ørstavik Sørheim.

– På restetorget  er det nokre få heiltidsutdanningar, men det er mest å velje mellom for dei som ønskjer vidareutdanning og deltidsstudium, seier Ørstavik Sørheim.

Kontaktinformasjon
Har du spørsmål kan du kontakte studentrettleiarane som svarer på telefonar og e-post frå søkjarar og studentar, tlf 700 54 800 eller sender ein e-post til sok@hivolda.no

Hugs attesterte vitnemålskopiar og ev. praksisattestar på at du fyller opptakskrava. Desse sender du til Høgskulen i Volda, Postboks 114 Opptak, 6101 Volda så snart du har søkt. 

Del på