Spenningskurs på Bjorli med fart og iver

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tekst og foto: Fredrik Malmo, student ved Bachelorstudiet Idrett og friluftsliv.

c2bbbf88f1a06d38f6009a4cdb6ac22e54a14078

Saman med elevar frå Stranda V.G.S , Møre Folkehøgskule, bachelorstudentar frå Sogndal og Åbo Akademi i Finland er elevane frå Høgskulen i Volda med på å legge til rette for ei veke med ulike spennande aktivitetar for deltakarane. Alpint, snørafting, klatring, taubane, turar med hundeslede og bålkos i lavvo er nokre  av alternativa for dei 110 deltakarane som er med. Eit av måla med kurset er at alle skal komme seg ut i naturen, og meistre ut i frå sine eigne forutsetningar.

cb7bd67cfea3918c968ac87d6d2112848172c367

Mange av studentane som er med synest det er ei kjekk og lærerik erfaring å vere med på eit slikt arrangement. Deltakarane på kurset dekker eit vidt spekter, og har ulike behov for hjelp og instruksjon. Instruktørane kan vere til hjelp med alt ifrå å sitte i lavvoen og grille pølser, til å kjøre ski i skitrekket, eller vere med på snørafting.

a2422fd885dfcd1d034f9b0500915240a001e682

Det er dei positive opplevingane som står i sentrum og det blir lagt vekt på det sosiale gjennom heile veka. På Spenningskurset er det viktig å sjå moglegheiter i staden for avgrensningar, og instruktørane skal  være der å hjelpe til å gjere det mogleg!



f07c3d7f5b7fa054fd893a3fe7859651e5c829bc

For meir informasjon om studietilbod (Idrett og friluftsliv) sjå: www.hivolda.no/idrettogfriluftsliv

For meir informasjon om sjølve kurset, samt bileter frå Spenningskurset sjå: www.spenningskurset.no da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på