Student-TV med fire nye sendingar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

06a0a614cf19480a609f478259514f7032d267ad

Frå realityserien Studio 3

Ei einsam bok

"Fjøllsus i Dalgrøda" står einsam i bibliotekets hyller. Den har opplevd fleire tiår enn Rybak og Tone, men har vore einsam sidan den dramatiske brannen på 70 tallet. Kvifor vil ingen ta den med heim, og fordjupe seg i den blomstrande lyrikken?

Pimp my friend

Dario skal til storbyen, men er kan klar for det? Bestevennen hans, Lars, er bekymra for at Dario ikkje kjem til å overleve overgangen. Difor melder Lars han på Pimp my friend.

Kong Haakons lidenskap

Om ein ikkje lykkast første gong, prøvar ein på ny. Bibliotekar Haakon er svak for namngjevingskonkurransar, og sender eit kongeleg forslag til Høgskulen i Volda.


Sjå dei nye sendingene på www.stvolda.no.

Om Student-TV

Student-TV i Volda blei offisielt stifta 18. november 2008, av fire eldsjeler ved Høgskulen i Volda. Bak initiativet låg ein draum, ein draum om å produsere fjernsyn. Av og for studentar i den vakre bygdebyen i ly av Rotsethornet.
Nye og framtidige medlem blir spesielt godt mottatt. Dei treng engasjerte og joviale studentar til alt frå grafikk og musikk, skodespel og manus, nynorsk rettskriving og generell stemningsspreiing.

Del på